I sju år har han arbeidd med å få fram ein snøggbåt som er billegare å drive og tryggare og meir komfortabel for dei som er ombord. Han har fått seks millionar i statlege tilskot til prosjektet.
Konkurs
Men i vinter gjekk selskapet hans konkurs. Det var tungt å starte på nytt etter konkursen fortel Ødegård, men no prøver han saman med Måløy verft å få seks fylkeskommunar langs kysten med på å føre prosjektet vidare.
Test i USA
Grovt skissert er det ein båt med tre skrog – eit smalt hovudskrog og små stabiliseringsskrog på sidene. Under båten er det små venger som løftar båten opp i høg fart.
Ødegård har fått utarbeidd eit 43 fots testfartøy hjå ein samarbeidspartnar i USA som har vore utprøvd i tre år og som viser gode resultat.
Riktig teknologi
Rune Ødegård er overtydd om at dette er riktig teknologi å satse på. Modellforsøka viser at ein får redusert motstand i vatnet, og med det reduserte drivstoffutgifter. Dessutan går båten rolegare i sjøen slik at folk kan røre seg fritt og unngår å bli sjøsjuke, fortel Ødegård.
Modellen på 43 fot som vart bygd i USA. Foto © Rune Ødegård