Hopp til innhold

– Leiinga i MDG har i fleire år vore prega av ein omfattande ukultur

Tidlegare partisekretær og mangeårig sentralstyremedlem i Miljøpartiet Dei Grøne (MDG), Hilde Lengali, meiner at leiinga i partiet i fleire år vore prega av ein omfattande ukultur der dei som er kritiske blir frosne ut.

Hilde Lengali, tidlegare partisekretær i Miljøpartiet dei Grøne

KRITISK: Dei som kjem med kritikk mot leiinga i MDG blir rutinemessig mistenkeleggjorde og skulda for å øydelegge for partiet, seier Hilde Lengali, tidlegare partisekretær og mangeårig sentralstyremedlem i MDG.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

CO₂ i atmosfæren
419,7 ppm
1,5-gradersmålet
+1,08 °C
Les mer  om klima

Lengali kjenner seg godt igjen i kritikken som Stein Malkenes gjekk ut med tidlegare i dag, der han skuldar MDG-leiinga for å vere udemokratisk, maktarrogant, kunnskapslaus og for Oslo-dominert.

– Leiinga i MDG har i fleire år vore prega av ein omfattande ukultur, seier Lengali til NRK.

Malkenes sit i fylkestinget for MDG i Sogn og Fjordane og gjekk nyleg av som fylkesleiar i partiet. 68-åringen frå Florø har hatt eit sterkt miljøengasjement i heile sitt vaksne liv. No vender han MDG ryggen.

Stein Malkenes

OPPGITT: Stein Malkenes har vore sentral i MDG i ei årrekkje. No kallar politikaren frå Sogn og Fjordane leiinga i partiet sitt for udemokratisk, livsfjern, kunnskapslaus, maktarrogant og altfor dominert av Oslo.

Foto: Bård Siem / NRK

– Det Malkenes fortel er ikkje overraskande. Eg kjenner meg så godt igjen. Dei som kjem med kritiske spørsmål eller varslar om feil i viktige saker, blir nærmast rutinemessig avfeia. Dei blir mistenkeleggjorde og skulda for å ville øydelegge for partiet, seier ho og viser til Une Bastholm og partisekretær Torkil Vederhus.

– Det er ikkje spor av sjølvkritikk, noko som er typisk for leiinga i MDG, seier ho.

– Farleg

Lengali meiner det er farleg for ein organisasjon når kritikk blir avfeia og kritikarar blir mistenkeleggjorde.

– Det er uforeineleg med å vere eit politisk parti som har medmenneskelegheit, solidaritet og demokrati som prinsipp, seier ho.

Lengali melde seg ut av partiet i mars 2018, etter å ha skulda MDG-leiinga for langvarig ukultur.

– Det er mange av oss som har vore veldig skuffa over partileiinga. Eg melde med ut i fjor og det ser dessverre ikkje ut til å ha vorte noko betre, seier ho.

Tek ikkje sjølvkritikk

NRK bad om intervju med nasjonal talsperson i MDG, Une Bastholm. I staden er det partisekretær Torkil Vederhus som svarer på kritikken.

– Vi er og skal vere eit parti med stor takhøgd der det kan vere heftige og gode debattar, seier han.

Torkil Vederhus, leder Oslo MDG

AVVISER KRITIKK: MDG er og skal vere eit parti med stor takhøgd der det kan vere heftige og gode debattar, seier Torkil Vederhus. Han avviser kritikken mot partileiinga.

Foto: Daniel Bjur / NRK

– Lengali viser til at både du og Une Bastholm har problem med å ta sjølvkritikk. Tek du sjølvkritikk i denne saka?

– Det er trist å høyre at Lengali meiner vi er for dårlege til å ta sjølvkritikk. Vi må heile tida jobbe med partikulturen vår, men kritikken er vanskeleg å ta omsyn til når Lengali kjem med kritikk lenge etter at ho har meldt seg ut av partiet. Ho har også kritisert oss tidlegare.

– Men det er berre litt over eitt år sidan ho melde seg ut av MDG?

– Det stemmer, men eg oppfattar at kritikken hennar stammar frå hendingar lengre tilbake i tid.

– Burde leiinga i MDG vore meir audmjuk?

– Eg skal vere audmjuk så mykje som mogleg. Eg gjer mitt beste kvar dag for at folk skal ha det bra i partiet, seier Vederhus.

Forstår ikkje kritikken

Leiar i Vestland MDG, Øyvind Strømmen, forstår ikkje kritikken frå Malkenes og Lengali.

– Vi opplever korkje maktarroganse, udemokratiske metodar, livsfjerne leiarar eller at kritikarar blir avfeia og mistenkeleggjorde. Vi opplever heller ikkje noko Oslo-dominans, seier han.

Lengali og Malkenes er ikkje åleine om å vende MDG ryggen. I etterkant av at partiet i mars i fjor sa ja til å knyte seg til Acer og EU si tredje energipakke, melde nær 40 personar seg ut av partiet. I Bergen er MDG si bystyregruppe nesten utradert etter at fleire har meldt seg ut i protest.