Hopp til innhold

Støttar forslaget om Oslo-modell

NITO støttar forslaget om heile Sogn og Fjordane i ein storkommune, basert på den såkalla Oslo-modellen. Saka vil også bli tema på fylkesårsmøtet til Ap.

Svein Hauge

STØTTE: NITO i Sogn og Fjordane, ved leiar Svein Hauge (t.h.) støttar fylkesrådmannen sitt forslag om Sogn og Fjordane som ein kommune.

Foto: NITO

– Sogn og Fjordane er eit særeige fylke som er viktig å ta vare på. Det er eit godt fylke å bu i, og det ønsker vi å halde fram med. Vi trur ein modell med bydelsutval eller liknande vil vere meir spenstig enn å krangle vidare, seier Svein Hauge i NITO Sogn og Fjordane.

Før jul lanserte fylkesrådmann Tore Eriksen ideen om ein Oslo-modell i trivselsfylket. Oslo er både eit fylke og ein kommune. Den same modellen ville gjort Sogn og Fjordane til den sjette største kommunen i landet, med dagens grenser.

– Oslo har bydelar. Vi kunne hatt kommunedelar. Dei har direkteval til bydelane, det kunne vi òg hatt. Dei delegerer stort mynde til bydelane, det kunne vi òg ha gjort, sa fylkesrådmannen.

Støttar fylkesrådmannen

Arbeidarpartiet (Ap) sin ordførarkandidat i Flora, Ola Teigen, har varsla at han vil ta opp saka om ein storkommune på Ap sitt fylkesårsmøte.

Svein Hauge rosar Teigen sitt initiativ. Norges Ingeniør og Teknologiorganisasjon (NITO) meiner fylkesrådmannen sin ide ikkje har fått merksemda han fortener.

– Vi meiner framlegget til fylkesrådmannen før jul om å skape ein storkommune av heile Sogn og Fjordane, bør greiast ut på line med andre alternativ, seier Hauge.

– Både sterke fagmiljø og lokalkunnskap

NITO har over 76.000 ingeniørar og teknologar i medlemsmassen og meiner Oslo-modellen vil ta vare på to viktige omsyn som ofte står på kvar side av debatten.

– Ein slik modell vil kunne halde oppe lokalkunnskapen som trengst, og i tillegg bygge sterke fagmiljø på tvers av gamle kommunegrenser. Samarbeidet mellom kommunane er sterkt i dag, og med ein slik modell vi ein kunne få endå betre tenester, seier Hauge.

NITO-leiaren fortel at kommunane slit med å rekruttere ingeniørkompetanse, og at 20 prosent av ingeniørane i fylket er rundt eller over 60 år.

Hauge understrekar at han ikkje er oppteken av å teikne kartet, men at dei vil greie ut Oslo-modellen som eit seriøst alternativ.

– Det kan ha fleire positive sider å vere ei stor eining med heile fylket i ein kommune, seier Hauge.