Hopp til innhold

Stortingskandidatar skjenka alkohol på festival

Stortingskandidatar frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og SV stilte opp og skjenka øl under rockefestivalen Malakoff på Nordfjordeid.

Ingrid Heggø og Sonja Edvardsen sjenker alkohol på Malakoff

Stortingsrepresentant Ingrid Heggø (t.v.) og tredjekandidat for Ap, Sonja Edvardsen, skjenka alkohol under Malakoff Rockfestival i helga.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

- Eg undrar meg over at dei ønskte å stille opp. Etter mi meining sender dei eit signal om at det er greit med alkohol på eit ungdomsarrangement. Som stortingskandidat ufarleggjer du på dette viset alkoholen, som trass alt er veldig alvorleg velferdsproblem i Norge, seier toppkandidat for KrF, Trude Brosvik.

Les: - Sett opp aldersgrensa til 18 år

- Dårleg valflesk

Stortingsrepresentant og justispolitikar Ingrid Heggø frå Arbeidarpartiet, Erling Sande frå Senterpartiet og Kristine Kopperud Timberlid frå SV stod alle saman bak bardisken på Nordfjordeid i helga.

- Det må finnast betre måtar å drive valkamp på, meiner nestleiar Adrian Rogne i fråhaldsorganisasjonen Juvente.

- Dersom ein skal skjenke alkohol bår ein ha skikkeleg opplæring slik at ein ikkje skjenkar til rusa personar eller mindreårige. Dersom dei gjer ein glipp her, og skjenkar til mindreårige, så er det veldig dårleg valflesk.

Sp: - Dobbeltmoral

Stortingsrepresentant Erling Sande i Senterpartiet angrar ikkje på dugnadsinnsatsen.

- Eg synest dette vert dobbeltmoral frå Trude Brosvik og Krf. Det er få år sidan Kjell Magne Bondevik var på forsida av ei av landets største aviser med ein stor sigar. Valgerd Svarstad Haugland stod fram som vindrikkar. Då var dette eit teikn på at KrF var blitt folkelege. Men då vi no stilte som frivillige på eit arrangement, er det vi som er dårlege førebilete. Eg synest dette luktar av dobbeltmoral, seier Sande.

Kva meiner du? Bør stortingspolitikarane skjenke alkohol? Sei di meining i debattforumet under.