Hopp til innhold

Stortingsfleirtalet vil byggje ut Vik fengsel

Stortingsfleirtalet vil gje pengar til utbygging av Vik fengsel. – Stortinget seier til regjeringa at dei skal byggje. Då blir det slik, jublar fengselssjefen.

Vik fengsel

VIK FENGSEL: Eit stortingsfleirtal vil gje pengar til Vik fengsel. Vedtaket kjem først til våren.

Foto: Tone Merete Lillesvangsstu / NRK

Eit stortingsfleirtal har gjort eit sokalla anmodningsvedtak om utbygging.

– Dette er ein go-ordre til regjeringa. No skal dei kvalitetssikre tala frå Statsbygg, så kjem saka til Stortinget. Endeleg vedtak kjem først til våren, men fleirtalet vil byggje ut, seier stortingsrepresentant for Venstre, Sveinung Rotevatn.

Presset på regjeringa for ei utbygging av Vik fengsel har auka den siste tida. Venstre og KrF har løfta dette inn i forhandlingane om statsbudsjettet for 2016, og både Arbeidarpartiet og Senterpartiet har løyvd pengar i sine alternative budsjett.

– Heilt fantastisk

Den planlagde utvidinga av fengselet i Vik skal gje 30 nye, lukka soningsplassar, og 20–25 nye årsverk. Prisen er berekna til 42 millionar kroner.

– Det er heilt fantastisk. Fleirtalet vil byggje ut fengselet, og då blir det slik. Det er voldsomt gledeleg. Vi har kjempa for dette lenge, jublar fengselssjef i Vik, Roy Stadheim.

Fengselssjefen er trygg i trua på at han no får utvide.

– Eg er sikker på at det blir utbygging. Venstre og KrF viser at dei held på det dei sa før valet. Det er heilt topp det dei har gjort, seier Stadheim.

– Distriktspolitikk

Regjeringa har tidlegare fått kritikk for å kjøpe fengselsplassar i Nederland, samstundes planane har vore klare for å byggje ut i Vik. For kort tid sidan melde Framstegspartiet at Vik skulle vurderast i utgreiinga om fengselskapasiteten i Vest- og Midt-Norge, eit arbeid som skulle starte neste år.

Men no har altså Venstre og KrF, saman med eit stortingsfleirtal, gitt eit tydeleg signal til regjeringa om utbygging.

– Venstre har heile tida meint at utflytting av statlege arbeidsplassar er eit veldig viktig distriktspolitisk verkemiddel. Det handlar om å gje ungdom ei utdanning og eit tilbod her i Sogn og Fjordane, seier fylkesleiar i Venstre, Gunnhild Berge Stang.