Stortinget vil bygge Hordfast uansett

Stortingsfleirtalet vil bygge ferjefri E39 mellom Bergen og Stavanger uansett, sjølv om politikarane i Vestland seier nei.

Hordfast med bru over Bjørnafjorden E39 Hordaland 2019

HORDFAST: Sambandet kan koste 36,7 milliardar kroner, halvparten kjem som bompengar fordi ferja forsvinn.

Foto: Illustrasjon Statens vegvesen

Fylkespolitikarane i Vestland ber truleg staten legge gigantbrua mellom Bergen og Stavanger på is, men det vil ikkje Stortinget lytte til.

Førre veke ville ikkje fleirtalet i fylkesutvalet ha med Hordfast på si prioriteringsliste til Nasjonal transportplan. I morgon blir lista endeleg vedteken i fylkestinget.

Også kommunen der brua skal kome, seier nei.

Men dei borgarlege partia på Stortinget vil starte bygginga av vegen til 36 milliardar kroner uansett kva lokalpolitikarane seier. Planlegginga av E39-strekninga med verdas lengste flytebru er alt komen langt.

– Høgre står fast ved dei prioriteringane som alt er gjort. Då er Hordfast eit viktig prosjekt, seier leiar i Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, Helge Orten (H).

Helge Orten

OPPGITT: Leiar i Transport- og kommunikasjonskomiteen, Helge Orten.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Skuldar vestlandspolitikarane for å vingle

Neste år skal politikarane på Stortinget vedta Nasjonal transportplan 2022-2033, planen fortel kva som skal byggast innan samferdsle i Noreg dei komande åra.

Alt no leverer fylka sine innspel til staten om kva dei ynskjer seg. Det betyr heftige lokale dragkampar.

På Vestlandet har ferjefri E39 vore draumen i mange år, men i Vestland fylke har entusiasmen for gigantbruene kjølna.

Det største prosjektet, Hordfast, har fått kritikk frå alle kantar. Frå miljøvernarar; frå dei som er usamde med kor i området vegen skal byggast; frå dei som heller vil prioritere rassikring og vedlikehald; og frå dei som vil ha andre vegar på Vestlandet.

Derfor vart ikkje eingong vegen nemnt på fylkesutvalet si ynskjeliste. Derimot ber politikarane om ny E16 og jernbane mellom Arna og Voss, fyrste byggesteg kostar åleine 22 milliardar kroner. Stad skipstunnel og E39 forbi Førde er også på lista.

Frp skuldar lokalpolitikarar for skjult agenda

Men både Høgre, Frp, KrF og Venstre står på at dei vil bygge innan kort tid uansett.

Bård Hoksrud (Frp) seier han er overraska over motstanden i Vestland.

– Eg oppfattar dette som ein skjult agenda der enkelte eigentleg vil ha mindre til veg, og lèt som dei er opptekne av andre ting, seier han.

Stortingsrepresentant Jon Gunnes (V) er tydeleg på at også Venstre vil ha Hordfast.

– Venstre meiner framleis at Hordfast er eit av sambanda der ferje skal erstattast med bruer, det same gjeld Rogfast i Rogaland og Møreaksen i Møre og Romsdal på E39, seier Gunnes.

– Ei merkeleg form for demokrati

Tidlegare har også samferdsleminister Knut Arild Hareide (KrF) og statsminister Erna Solberg (H) signalisert at dei vil bygge Hordfast uansett, sjølv om lokalpolitikarane seier nei.

Aleksander Øren Heen (Sp), Anne Gine Hestetun (Ap) og Marte Hammer (SV) i fylkestinget mars 2020

MOTSTANDAR: Marthe Hammer (SV) til høgre i biletet.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Marthe Hammer (SV) likar dårleg at Stortinget ikkje høyrer på Vestland fylke:

– Det er ikkje pengar til alt, då må ein prioritere det som er viktigast. Det er brei semje i heile Vestland om at ein må satse på rassikring og liv og helse før dei store fjordkryssingane, seier Hammer.

Fylkespolitikar Arve Helle frå Ap er provosert:

– Det er ein merkeleg form for praktisering av demokrati dei driv med inne på Stortinget. Dei har bedt fylka om å prioritere, men likevel legg til og med statsministeren seg opp i prosessen vår, seier Helle.

Arve Helle reagerer på kommunenamn

FORARGA: Arve Helle (Ap)

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Helle seier Ap har ingenting i mot å bygge ferjefri E39 om det kjem i tillegg til å rassikre og utbetre vegane mellom bruene. NRK veit at det går føre seg intense forhandlingar mellom partia i Vestland om Hordfast.

– Kjem Stortinget med nok pengar til å etterkome alle våre krav, er det ingenting som er betre, om ikkje ventar eg at dei held seg til det Vestland ber om, seier Helle.

– Eit uheldig og dårleg signal

Men både Hoksrud og Orten likar dårleg eit nei til gigantbrua som vestlendingane tidlegare har fått gjennomslag for.

Orten, som seier han er «allergisk mot omkampar», minner om at E16 til Voss også er inne i dagens NTP.

– Fylka som står samla får gjennomført vegbygginga raskast, seier Orten.