Sist veke var skipper Tonny Grotle på torskefiske utanfor Lofoten.
Klokka fem om morgonen høyrer han på radioen at ein kollega er i naud. Båten til mannen tek inn vatn, og vil snart gå ned.
Tonny er berre fem nautiske mil unna og hiv seg rundt. Tida er knapp, og vêret tøft. Det er sterk kuling og «grauttjukke» snøbyer.
Idet Tonny kjem fram, har kollegaen på sjøen alt overlevingsdrakta på, og hoppar frå båten som er i ferd med å forlise.
– Vi kasta ut ein redningsring og fekk han om bord. Heldigvis, seier Tonny.
Oppe i båten får mannen ringe heim til dei han har kjær, og seie at det gjekk bra.
Så heldige er ikkje alle som hamner i havsnød. Som det heiter i ei gamal erkjenning: Havet gir, og havet tek.
Fiskerinæringa vert difor rekna som eit av dei farlegaste yrka i Noreg (sjå faktaboks).
– Uroa når far var på fiskefelta
I fjor omkom seks personar i næringsfartøyulykker. Fire av dei på fiskefartøy.
Hittil i år har fem personar omkomme i næringsfartøyulykker. To av dei på fiskefartøy.
Den høge dødsstatistikken er utgangspunktet for ein «nullvisjon» som i dag er oppe til votering på Stortinget.
Det er venta at alle parti vil stille seg bak visjonen om at ingen fiskarar skal omkomme på sjøen.
Saka starta med eit innlegg og eit representantforslag signert Olve Grotle (H).
– Eg har vakse opp i eit fiskerimiljø, og har som mange kjent på uroa då far min var på fiskefelta og eg visste det var storm og kuling, seier han til NRK.
Han legg til:
– Det rører meg derfor personleg om Stortinget gjer eit samrøystes vedtak om ein nullvisjon. Det vil auke sjansane for at vi greier å redusere dødsfall og alvorlege ulykker, og at ingen som arbeider i næringane til havs skal omkomme i framtida.
Staten har tidlegare etablert ein nullvisjon for omkomne i trafikken. Sidan har dødstala gått ned frå rundt 500 til under 100 i dag.
– Eitt liv tapt på sjøen er eitt for mykje
Fellesframlegget til Stortinget omfattar ikkje berre fiskarar, men alle næringane til havs.
Justeringa kom etter at også fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) involverte seg.
– Eitt liv tapt på sjøen er eitt for mykje. Målet med ein nullvisjon er å unngå dødsulykker og alvorlege arbeidsulykker til sjøs, sa han i februar.
Han bad samstundes Sjøfartsdirektoratet om å starte arbeidet med på å få fram eit fagleg grunnlag for kva ein nullvisjon vil innebere.
I eit innlegg hos Fiskeribladet skriv han: «nettopp fordi dette fisket er så intenst og har så store oppsider, ligg det også ein fare for at ulykker skjer. Derfor er arbeidet med ein nullvisjon avgjerande – vi har ingen å miste!»
Sjøfartsdirektoratet jobbar i tillegg med tiltak for å bevisstgjere fiskarane på egen tryggleik. Eit av tiltaka er haldningskampanjen «Sjekk sjarken».
Landsstyret i Noregs Fiskarlag sette sin eigen nullvisjon alt i 2009.
– Ein forsterka og koordinert innsats formulert gjennom ein nullvisjon vil bidra til større merksemd og et tydeleg mål for både næringa og styresmaktene, seier Sverre Johansen, generalsekretær i Noregs Fiskarlag, på deira egne nettsider.