Hopp til innhold

Stortinget seier nei til «amnesti-forslaget» for strandsona

Høgre får berre med seg Frp på forslaget om å skrote kravet til å etterforske ulovlege bygg i den norske strandsona.

5Hjpd8uXljs

ULOVLEG: På byrjinga av 2000-talet gjekk det ut ein instruks om å intensivere jakta på ulovlege strandeigedomar.

Foto: Thorfinn Bekkelund / Samfoto

Kommunal- og forvaltningskomiteen er ferdige med å handsame forslaget om å fjerne plikta til å etterforske gamle synder i strandsona.

I innstillinga som er sendt til Stortinget får Høgre-forslaget berre støtte frå Framstegspartiet.

Vi er fornøgde med at det ikkje er politisk fleirtal for å lempe på ansvaret til kommunane når det gjeld lovbrot, seier Grete Wold (SV) i Kommunal- og forvaltningskomiteen.

I dag har kommunane plikt etter plan- og bygningslova til å følgje opp tiltak som er ulovlege – uansett kor gamalt forholdet er.

Norske kommunar brukar difor store ressursar på å gå etter tidlegare synder i den norske strandsona.

Ei oppgåve som kan vekse i omfang fordi gamal dokumentasjon ofte er mangelfull eller vanskeleg å oppdrive.

Dette var bakgrunnen for Høgre sitt forslag til Stortinget om å fjerne eller avgrense plikta til å etterforske ulovleg oppførte hus, naust og bryggjer i den norske strandsona.

h3ywB8Qrdg4

– Vi åtvarar mot det som i praksis kan føre til amnesti for dei som ikkje har følgt regelverket, skriv Noregs Jeger- og Fiskerforbund (NJFF) i eit høyringsinnspel.

Foto: Svein Grønvold / Samfoto

Ei urimeleg stor byrde for kommunane

«Plikta til å følgje opp alle lovbrot kan utgjere ei urimeleg stor byrde for kommunane. I tillegg kan det opplevast som ein vilkårleg og urimeleg praksis for innbyggjarar dersom lovbrotet er gjort veldig langt tilbake i tid eller av ein tidlegare eigar», heiter det i forslaget.

Forslaget vart lagt fram i april og har skapt stor debatt.

Vi åtvarar mot det som i praksis kan føre til amnesti, skriv Noregs Jeger- og Fiskerforbund (NJFF) i eit høyringsinnspel.

Liknande appellar har kome frå DNT og Norsk Friluftsliv.

Bergens Tidende, på si side, har teke til orde for å «vurdere amnestispørsmålet på nytt» og «la dei eldste byggjesakene liggje».

Høgre er skuffa

Siri Gåsemyr Staalesen (Ap) sit i Kommunal- og forvaltningskomiteen og vil som resten av Arbeiderparti-kollegaene sine på Stortinget stemme nei til forslaget.

Vi treng meir felles strandsone ikkje mindre. Eg kan ikkje fatte eller forstå kvifor Høgre vil at dei som byggjer ulovleg kan sleppe unna viss dei berre er smarte nok til å lure seg unna over fleire år, seier ho.

Stortinget skal stemme over saka 15. november.

Ove Trellevik (H) var blant dei som foreslo ei meir pragmatisk tilnærming til strandsonelova.

Eg er skuffa. Her er det mange som har brukt krefter på å feilinformere. Via kronikkar og TV har dei hevda at dette vil bety økt «fri slepp i strandsona». Det er feil. Det vil gi fleire ressursar til undervisning og eldreomsorg, og mindre til advokatar og konsulentar, seier han.

W0GbEU47M2M

– Eit slags amnesti for ulovleg strandsoneutbygging er eit svik mot naturen, seier Symre Johanne Aargaard i Natur og Ungdom.

Foto: Mimsy Møller / Samfoto

Dette handlar ikkje om å byggje ned strandsona

Framstegspartiet tok til orde for ei lovendring som presiserer at kommunane har «rett» og ikkje «plikt» til å følgje opp tiltak som er ulovlege.

Dette handlar ikkje om å byggje ned strandsona, men om å rydde i gamle saker. Vi vil heller bruke ressursane i kommuneadministrasjonane på å sjå framover og laga gode planar for framtidig utbygging. seier Helge André Njåstad (Frp).

Signal om å mjuke opp strandsonevernet har også kome frå kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Raudt og SV foreslår i staden at regjeringa må komme tilbake med tiltak for å skjerpe oppfølginga.

Det trengst meir, ikkje mindre oppfølging av ulovleg bygging i strandsona, seier Tobias Drevland Lund i Raudt.

Han legg til:

Allemannsretten og vern av natur har altfor lenge lidd av at enkelte har teke seg til rette på kostnad av fellesskapet.