Å slå saman mindre høgskular med tvang er ein dårleg ide, meiner støttepartia til regjeringa, KrF og Venstre.
– KrF er skeptisk til å bruka av tvang i denne prosessen, seier utdanningspolitisk talsperson i partiet, Anders Tyvand
– Mange gonger kan tvang gjera vondt verre, og ein får ikkje den positive effekten ein gjerne ville ha fått dersom ein hadde teke seg lenger tid, seier Iselin Nybø (V), fyrste nestleiar i Kyrkje- utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget.
- LES OGSÅ:
– For små fagmiljø
Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) vil slå dei mindre høgskulane saman til større einingar, fordi han meiner det vil gjera forskinga og utdanninga betre. For å få det til, ser ikkje statsråden vekk frå tvangsamanslåingar:
– Utgangspunktet vårt for denne prosessen er ikkje tvang, men eg kan ikkje avvisa at me kjem til å ta avgjerder som me har makt og mynde til, sa Røe Isaksen då han vitja Høgskulen i Sogn og Fjordane 27. januar.
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet.)
– Ufornuftig
I dag er det 18 høgskular i Norge. Ein tredjedel av dei har trassa regjeringa og sagt nei til fusjon.
Høgskulane i Sogn og Fjordane, Nord-Trøndelag, Hedmark og Østfold er fire av dei som ønskjer å bli verande ei sjølvstendig eining. Alle desse blei i si tid bygd som distriktshøgskular og er dei einaste høgare utdanningsinstitusjonane i sine fylke. Stortingsbenkane frå dei fire fylka vil difor etter alt å dømma mobilisera for å halda på det lokale sjølvstyret.
– For at ein fusjon skal bli vellukka, må begge partane tykkja at dette er noko dei tener på. Dersom institusjonane meiner at dei kan heva kvaliteten på eiga hand, vil det å tvangsfusjonera vera ufornuftig, seier Tyvand (KrF).
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Raudgrøn motstand
Kunnskapsministeren legg eit nyteikna høgskulekart fram for Stortinget i ei stortingsmelding etter påske. Dersom statsråden går for å tvinga høgskular inn i fusjonar, kan han venta seg kraftig motbør, òg frå dei tre raudgrøne partia.
Mest kategorisk er motstanden i SV og Senterpartiet, men òg i Arbeidarpartiet stikk skepsisen mot tvang djupt.
– Dette vil det vera stor motstand mot i Ap, sa leiar i Kyrkje- utdannings- og forskingskomiteen, Trond Giske (Ap), då han vitja Høgskulen i Sogn og Fjordane i førre veke.