Hopp til innhold

Store steinblokker dundra ned i vegen: – Det låg røyk over alt

Først seks timar etter at raset gjekk, fekk politiet klarsignal til å sende redningsmannskap inn i sjølve rasområdet i Høyanger kommune. Alt tyder på at det ikkje er personar eller bilar som er tekne av dei enorme rasmassane.

Slik ser det ut etter steinraset i Høyanger.

STORT: Raset har losna eit godt stykke over vegen og ligg med mellom 50 og 100 meters breidde over vegen og ned i fjorden. Foto: Geir Helge Østerbø.

– Det er søkt med undervassutstyr i sjøen og nytta drone, utan indikasjonar på at nokon skal vere tekne av raset, opplyser politiet på Twitter klokka 16.40 søndag ettermiddag.

Ein hundeekvipasje frå Norske redningshundar går også gjennom området søndag ettermiddag.

Naudetatane rykte i 7.40-tida søndag morgon ut etter melding om eit stort steinras på fylkesveg 92 på sørsida av Sognefjorden i Høyanger kommune i Sogn. Raset har gått mellom Hest og Førde.

I 13-tida var Vegvesenet sin geolog på plass og gjorde vurderingar av rasområdet frå lufta. Vel ein time seinare fekk politiet beskjed om at det var trygt å sende mannskap inn i området, slik at dei fekk forsikra seg om at ingen var tekne.

Vegvesenet opplyser til NRK at det blir eit omfattande arbeid å rydde vekk rasmassane, og seier det minst vil gå nokre dagar før folk kan bruke vegen att.

Ville vere på den sikre sida

Kort tid etter meldinga om raset kom var politiet i kontakt med ei rekkje personar som bur i området. Ingen personar eller bilar har vore meldt sakna, det går ikkje turstiar i området der raset har gått, og det er heller ikkje hus og bygningar i rasløpet. Dette gjorde at politiet tidleg gjekk ut med at dei var rimeleg trygge på at ingen var tekne.

– Per no er det ingenting som tyder på at folk er tekne av raset. Både i forhold til tidsaspektet, at det ikkje er hus eller bygningar i området, at det er lite trafikk i dette tidsrommet og observasjonar frå staden. Det er heller ikkje meldt om folk eller bilar som er sakna i området, sa operasjonsleiar Stein Rune Halleraker i Vest politidistrikt til NRK like før klokka 10.30.

Luftambulansen kom tidleg til området og gjorde vurderingar frå lufta. Bileta og film dei har teke frå staden er vurdert av geolog og andre ekspertar saman med politiet, sa Halleraker.

Ras mellom Førde og Hest i Høyanger kommune

GRÅTT I FJORDEN: Det la seg ei stor støvsky over fjorden, og vatnet er heilt grått etter at dei store steinmassane losna i fjellet.

Foto: Lene Hovland Nesheim

Mellom 50 og 100 meter breitt

Ifølgje politiet er raset mellom 50 og 100 meter breitt. Det går over vegen, og ut i fjorden på staden.

Rekkverket ligg knurva i rasmassane, og vegen ser ut til å ha fått store skader. Dei største steinblokkene er mykje større enn ein vanleg personbil.

– Eg fekk sjokk då eg såg raset

Slik såg det ut like etter at raset gjekk

FEKK SJOKK: Sigrid Førde vart sjokkert over synet som møtte ho utanfor fjøsen på Førde i Høyanger. – Eg hugsar nesten ikkje om det var blitt stilt då eg knipsa dette biletet, seier ho.

Foto: Sigrid Førde

Folk i området vart skremde av det veldige bråket då steinblokkene losna og vart knust nedover fjellsida.

– Eg høyrde eit forferdeleg bråk og sprang ut for å sjå. Då låg det røyk over alt, fortel Sigfrid Førde som bur berre nokre hundre meter frå der raset losna i fjellsida i Høyanger.

– Eg fekk sjokk då eg såg raset. Eg trur ikkje vegen her kan opne på ei stund, seier Førde.

Mannen hennar hadde køyrt forbi rasstaden knappe kvarteret før raset gjekk.

– Slik er det heldigvis dei aller fleste gonger når slike ting skjer, seier Førde letta.

RØYKLA HEILE OMRÅDET: Raset røykla heile den vesle fjordarmen på sørsida av Sognefjorden. Bilete og video: Lene Hovland Nesheim.

Geolog granska området frå lufta

Ut frå bileta frå staden og informasjonen han har fått, trur avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen at vegen blir stengd lenge.

– Vi har per no ingen aning om kor lenge. Men ut frå storleiken på rase vil eg tru at det vil ta mange dagar før vegen kan opne att.

– Er det uvanleg med denne typen skred i det tørre og stabile vêret vi har no?

– Når det kjem til denne typen steinskred, så er dei nesten vêruavhengige. Det er store blokker som losnar i fjellsida.

Stort steinras over fylkesveg 92 i Høyanger

BLIR STENGD LENGE: Ifølgje Vegvesenet må folk som brukar vegen rekne med at den blir stengd i minst fleire dagar.

Foto: Geir Helge Østerbø

Vart sendt ut i båt for å sjå etter bilar

Jon Nesheim driv Nesheim camping som ligg vel ein kilometer frå rasstaden. Han og kona vakna av det som var ein frykteleg dur. Då politiet ringde kort tid etter og melde frå om eit ras, forstod dei samanhengen.

– Eg har vore ute på fjorden med båt for å prøve å sjå om det er bilar eller folk som er tekne av raset. Eg trur og håpar at det ikkje er det, sa Nesheim til NRK klokka 08.35.

Han seier vegen er brukt som skuleveg for barn, og prisar seg lukkeleg for at raset har gått på ein søndag.

Stort steinras over fylkesveg 92 i Høyanger

HER HAR FJELLBLOKKENE LOSNA: Fjellblokkene har losna eit godt stykke over vegen.

Foto: Geir Helge Østerbø

Mista straumen

Raset tok med seg straumleidninga i området, folk var utan straum til langt ut på ettermiddagen.

Rasstaden ligg på vegen som går mellom Bjordal i Høyanger og Matre i Masfjorden.

Innbyggjarane som bur på innsida av raset er ikkje isolerte, og kan køyre om Matre. Dersom vegen blir stengd over lengre tid, kan det bety at skulebarna som bur i området må fraktast med alternativ transport.

Stort steinras over fylkesveg 92 i Høyanger

HEILT STENGD: Vegen er heilt stengd etter at dei store steinblokkene har losna i fjellsida.

Foto: Geir Helge Østerbø
Ras på sørsida av Sognefjorden