Hopp til innhold

Stort snøskred over vegen – avsluttar aksjonen

På fylkesveg 614 ved Magnhildskartunnelen i Bremanger kommune har det gått eit snøskred. Politiet har evakuert området, og avsluttar no aksjonen.

Skred

STENGT: Fylkesvegen ved Magnhildskartunnelen blir stengt til i morgon som følgje av snøskredet.

Foto: Egil Aardal

SISTE: Naudetatane trur no at situasjonen er avklart. Det er ikkje teikn til at verken bilar eller menneske har blitt tekne av skredet. Området blir sperra for trafikk inntil vidare.

Det opplyser hovudredningssentralen klokka 10.43.

Snøskredet gjekk i Bremanger kommune, nord for Magnhildskartunnelen. Først vart det meldt om at skredet var 200 meter breitt.

Naudetatar, redningshelikopter og redningshundar rykte ut til staden. Minst seks bilar var i området.

– Vi driv no med evakuering av området, og jobbar med å få oversikt, sa operasjonsleiar Terje Magnussen.

Raset gjekk på nordsida av tunnelen, mot Indrehus.

Sender geolog til staden

Tor Evensen er trafikkoperatør i vegtrafikksentralen.

– Siste informasjon er at det vil vere stengt inntil i morgon. Det vil bli gjort ei ny vurdering klokka 10, seier han.

Ein geolog skal vurdere sikkerheita på staden før vegen blir opna.

– Raset er ein meter i høgda, og mellom 50 og 100 meter breitt, seier han.

Først vart snøskredet vurdert til å vere om lag 200 meter i breidda.

Evensen fortel at det er kalla ut trafikkdirigentar, som vil vere på plass om kort tid.

– Inn til vegen blir opna må ein rekne med omkøyring, det vil ikkje bli sett opp båtruter, seier han.

Krevjande forhold

Ole Jakob Hartvigsen, vaktkommandør i 110 Vest, seier at dei fekk melding om skredet klokka 09.55.

– Det skal ha vore seks bilar om området, som no blir evakuerte, seier han.

Dei utelukkar ikkje at det kan ha vore fleire bilar i området, og veit derfor ikkje om nokon er tekne av skredet.

Slik såg det ut i området om lag ein halvtime før skredet gjekk.

Redningsbilar frå både Svelgen og Florø er på veg til staden for å ha tilkomst frå begge sider.

– No er politiet på staden, og dei melder om dårlege vêrforhold med vind og snøfokk. Det er også svært glatt, seier han.

Snøskredet vart først anslått å vere 200 meter breitt.

– Skredet er altså ganske stort, seier han.

10.55 melder sentralen at skredet er mindre enn dei trudde.

– Dette er ikkje lenger ein redningsaksjon, og det er ikkje fare for at bilar er tekne, skriv dei på Twitter.

Laster Twitter-innhold