Hopp til innhold

Stort snøskred i Stryn – avsluttar manuelt søk

Naudetatar rykte ut til eit stort snøskred i Kjenndalen i Loen fredag ettermiddag. Politiet kan ikkje utelukka at nokon er tekne av skredet, dronesøk med varmesøkjande kamera har ikkje gjeve funn.

DIREKTE: Sjå direktesendinga frå skredet i Lodalen.

– I overkant av 25 personar er evakuerte ut frå dalen, tre personar er lettare skadde, seier innsatsleiar for politiet, John-Endre Skeie til NRK.

Stor skredfare i området gjer at redningsmannskap ikkje får søkt gjennom skredet frå bakken.

– Det blir fortløpande vurdert om det er trygt nok å sende mannskap inn for å søke der ein ser vrakrestar. Per no må vi vente fordi faren for nye skred er for stor, seier Skeie.

Skredet losna i 13.30-tida frå 1600-meters høgde. Det nådde heilt ned til vegen. Fire bilar vart tekne av skredet. Ein mann, ei kvinne og eit barn er lettare skadde.

– Dei var ved ein bil då dei vart trefte av delar av skredet, opplyser Skeie.

Les også Tanja og Stefan sat i bilen og vart tekne av skredet: – Trudde eg kom til å døy

Tanja og Stefan Trampe

Vil gjere nytt dronesøk

Klokka 02 natt til laurdag opplyser politiet at søket med drone er avslutta.

Det er ikkje gjort funn i området som er søkt gjennom.

Politiet ventar og ser framleis ei vurdering frå geolog og fagleiar frå Røde Kors og brannvesenet si spesialgruppe for søk. Desse skal vurdera tryggleiken før vidare søk kan gjennomførast.

Politiet har kontroll på 44 personar som var i området da skredet gjekk.

Det er per no ingen personar som er meldt sakna i området, men politiet vil ikkje utelukka noko før alt er sjekka ut.

Det vil bli starta eit nytt dronesøk laurdag morgon, og gjennomført ny risikovurdering i forhold til å sette inn bakkemannskap i søket.

Frå Bergen jobbast det no med å kontakta alle som har vore i området i tida før skredet gjekk.

Det er planlagt å fly inn drone med varmesøkjande kamera over området etter at helikopteret med geologen er ferdig med overflyginga.

– Handlar om å berge liv

Edvard Middelthon, redningsleiar i Hovudredningssentralen i Sør Noreg, seier til NRK at dei ikkje har rapportar om sakna eller hardt skadde.

– Det er ein del materielle skadar, men det ser vi som uvesentleg i denne samanhengen. Her handlar det om å berga liv, og vi håpar at ingen er sakna eller hardt skadde oppi dette, seier Middelthon.

VG fekk opplyst frå Hovudredningssentralen at meir over 20 personar var innanfor området som var innesperra, men vart henta ut.

– Vi har evakuert dei som skal evakuerast. Det er politiet som koordinerer innsatsen der inne no, og me støttar med luftressursar, seier Middelthon.

To redningshelikopter, fem luftambulansar og eit sivilt helikopter er på staden.

– Jobba på spreng

Regionlensmann i Nordfjord, Tormod Hvattum, presiserer at det framleis blir jobba med å få oversikt over kven som har vore i området og status på desse.

Stort snøskred i Stryn – fire biler er tatt

RESSURSAR: Røde Kors, politi, brann og ambulanse er på plass i Lodalen.

Foto: Wibeke Bruland

Skredet vart varsla av ein bilførar som såg skredet gå.

Kjenndalen ligg mellom Lovatnet og Jostedalsbreen i Stryn kommune.

SNØSKRED: Skredet skal ha gått inst i Lodalen i Stryn.

– Vi jobbar på spreng med å få oversikt over området, sa Cecilie Øversveen i Hovedredningssentralen fredag ettermiddag.

Ho anslår breidda på raset til 400 meter, og legg til at det er «overhengande fare» for nye ras.

Samlar krisestab

Politiet er på plass med det dei omtalar som «store ressursar».

Situasjonen er uoversiktleg og politiet jobbar saman med dei andre naudetatane for å skaffe oversikt over omfang, seier Gry Benedicte Halseth i Vest politidistrikt

Ein hundepatrulje vil gjere søk i raset så snart det er forsvarleg for mannskapa.

Vest politidistrikt styrer innsatsen på bakken, medan Hovedredningssentralen styrer operasjonen i lufta.

Stryn-ordførar Per Kjøllesdal seier dei er i ferd med å samle krisestaben. Han opplyser at skredet, slik han har forstått, har gått mellom Kjenndalstova og Kjenndalen. Her er det ikkje hus.

– Vi samlar krisestab for å sjå om det er naudsynt. Då er vi i alle fall budde om det blir behov, seier han.

– Det var ein dramatisk beskjed å få?

– Sjølvsagt, det er slike meldingar vi ikkje vil ha.