Hopp til innhold

Stort opprop krev slutt på Facetime-fødslar

Nytt opprop krev at mor skal få ha med seg følge under heile fødselen, ikkje berre deler av han. Helseminister Ingvild Kjerkol opnar for å styrke lova.

Marie Oma måtte streame fødselen

SPENT: Då Marie Oma Leikvoll blei mamma for første gong, måtte mannen sjå fødselen gjennom ei videosamtale. No er Marie spent på korleis den neste fødselen hennar i mars blir.

Foto: Privat

– Eg gruar meg til fødselen, for eg veit ikkje om Endre kan få vere med, seier Marie Oma Leikvoll (26).

Då Didrik (snart 2) kom til verda, måtte ho føde utan mannen Endre ved si side. Først då Didrik var fem dagar gamal, fekk faren halde han for første gong.

No er Marie, som i mars blir mamma for andre gong, uroa for at historia vil gjenta seg.

Blant nyorda under pandemien er «facetime-fødslar». Fenomenet er utgangspunkt for ein ny underskriftskampanje for å styrke dei fødande sine rettar, både før, under og etter fødsel.

Initiativtakar til oppropet er Tina Skarbøe.

– Det er tydeleg at det ikkje berre er pandemien si skuld at føde- og barselomsorga er dårleg, seier tobarnsmora, som også står bak oppropet #jegføderikkealene.

– Retten til medverknad blir broten

I 2020 vart det født 53.000 barn i Noreg. Det er ikkje ført statistikk over kor mange mødrer som fødde åleine.

Den såkalla retten til medverknad er lovfesta i pasient- og brukerrettighetsloven. Det er denne som regulerer fars eller medmors (eventuelt ein annan person som står mor nær) deltaking under fødsel.

I paragraf 3.1 heiter det: [ ...] Ønske om at andre skal vere til stades skal som hovudregel imøtekommast.» (sjå faktaboks for meir).

Aïda Leistad Thomassen i organisasjonen Barselopprøret seier retten «står altfor svakt og må styrkast».

– Den blir broten systematisk, seier ho.

I tillegg er praksisen forskjellig frå sjukehus til sjukehus, der nokre av dei berre opnar for «medverknad» under det som vert kalla «aktiv fødsel».

Ingvild Kjerkhol

OPP TIL STATSRÅDEN: Partileiar i Venstre, Guri Melby, varslar at ho vil ta opp saka med helseminister Ingvild Kjerkol (bilete).

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

Tek spørsmålet opp med ministeren

– Eg synest det er uverdig at fødande kvinner i Noreg i 2022 skal grue seg til fødsel fordi dei er redde dei må vere åleine under heile eller deler av den, seier partileiar i Venstre, Guri Melby.

Ho varslar at ho vil ta opp saka med helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap).

Kjerkol seier til NRK at ho forstår godt bakgrunnen for opprøret, og tek det med seg inn i arbeidet med å styrke føde- og barselomsorga i Noreg.

– Vi skal vurdere ein endå tydelegare regel for å sikre at ingen må føde åleine, seier ho.

Partileiar i KrF, Olaug Bollestad, seier det er eit stort behov for å styrke svangerskaps- og barselomsorg.

Mange veit nok heller ikkje kva rettar dei har, så ei tydeleggjering kan vere ei viktig brikke her, seier ho.

Partikollega Ida Lindtveit Røse, som har vikariert i rolla som barne- og familieminister, og har termin i februar, skreiv før jul kronikken Ingen skal måtte føde åleine.

For eit år sidan fekk Frp gjennomslag for at partnar skulle få vere med under heile fødselen gjennom bruk av hurtigtestar.

Stortingsrepresentant Sandra Bruflot (H) i Helse- og omsorgskomiteen spurte i førre veke helseministeren om ho vil sørge for at helseføretaka ikkje kjem med avgrensingar for dei gravide og deira partnarar. Bruflot har enno ikkje fått svar.

Ida Lindtveit Røse la ut bilde på Instagram da hun ammet sitt yngste barn på kontoret

SNART NY TERMIN: Ida Lindtveit Røse, som har vikariert i rolla som barne- og familieminister, skal føde sitt tredje barn i februar. Før jul skrev ho kronikken Ingen skal måtte føde åleine.

Foto: Privat

– Hadde vore ein tryggleik

Leiar i Den norske jordmorforeining Kari Aarø, seier det kan vere utfordrande å legge til rette for at partnar kan vere til stades heile døgnet, før fødsel og i fødsel.

Ein lovtekst kan difor by på utfordringar.

– Ofte handlar det om at det ikkje er fysisk plass når kvinna blir lagt inn, seier ho.

Marie og Endre Oma Leikvoll fekk sonen Didrik for to år sidan. Då fekk ikkje Endre vere med under fødselen.

HÅPAR: Marie og Endre Oma Leikvoll fekk sonen Didrik for to år sidan. Då fekk ikkje Endre vere med under fødselen. No håper dei Endre får vere med når veslebror i magen kjem til verda i mars.

Foto: Privat

Hos Endre og Marie Oma Leikvoll i Kvinnherad er det ikkje lenge til den vesle guten i magen kjem til verda.

For Marie er det eit stressmoment å vite at det ikkje er sikkert at Endre får vere med.

– Det hadde vore ein tryggleik i om eg visste at han fekk vere med uansett. Den roa har eg ikkje no.