Hopp til innhold

Mobiltrafikken skal fungere igjen etter omfattande kabelbrot

Mobilproblema skal no i stor grad vere løyst etter det alvorlege kabelbrotet tidlegare fredag.

Kabelbrot på Vestlandet

STORT OMRÅDE: Kabelbrotet på Voss førte til at mange tusen Telenor og Telia-kundar er råka.

Foto: Telenor

  • Dei fleste kundane har no fått tilbake mobilsignala
  • Telenor jobbar framleis med å få reparert kabelskaden
  • Mange kundar har framleis ikkje fiber

– Telenor har no ruta om trafikken, slik at store deler av mobiltrafikken no skal vere inne igjen, opplyser Henriette Frølich Holte i Telenor.

Ho seier at nokon enkeltområde framleis har redusert dekning, men at majoriteten av mobiltrafikken skal fungere som normalt.

– Vi jobbar også med å finne mildertidige reservelinjer for breibandstenester, seier ho.

Dagleg leiar på Alarmsentralen i Sogn og Fjordane, Terje Brandsøy, fortalte fredag ettermiddag at nær 700 sikkerheitsalarmar var ute av drift som ein følgje av kabelbrotet.

– Det som er viktig er at dei som kjenner folk som bur heime som er utrygge og kan ha behov for hjelp, bør ta ei besøk til dei og sjekke at alt er i orden, oppmoda Brandsøy.

Jobbar med å fikse

Både Telenor- og Telia-kundar blei råka. Noko som førte til at mange tusen stod utan moglegheit til å nå kontakt med omverda.

Kabelbrotet førte til store problem for butikkar, naudetatar og folk flest, ikkje minst i Nordfjord.

– Vi har funne brotstaden, og årsaka er at nokon har grave ein stad dei ikkje skal, og klart å rive over fiberkablane ganske kraftig. Dette er ein omfattande jobb å skøyte ein så omfattande graveskade, sa Bjørn Amundsen i Telenor.

Skjedd under vegarbeid

Han stadfestar at kabelbrotet har skjedd i samband med vegarbeid på E16 nord for Voss.

Det digitale naudnettet har fungert som vanleg, men naudetatane sine mobilsamband i fleire kommunar fungerte ikkje.

Ei heil rekke basestasjonar i desse områda var ute av drift som ein følgje av kabelbrotet.