Klokka 16.30 fekk politiet melding frå eit vitne som skulle ha sett eit propellfly som flaug ned i ei grop ved Middagsnuten i Lofthus i Ullensvang. Vitnet beskreiv steinar som rasa, etterfølgt av eit stort smell.
Tre timar seinare, klokka 19.30, melder HRS på Twitter at søket er avslutta utan funn.
Operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Knut Dahl-Mikkelsen opplyste tidlegare i dag at mykje tyda på at det kunne ha skjedd ei ulykke, men at det òg kunne vera eit ras.
Tre helikopter var med i leitinga.
Det var ein tilfeldig turgåar i området som tipsa om saka. Vedkommande blei tatt med opp i eit helikopter for å saumfara staden.
Redningsleiar ved Hovedredningssentralen, Bjørn Magnussen seier at området er godt og grundig søkt gjennom.
Magnussen opplyser at fleire har tatt kontakt med dei i ettertid og sagt at dei har sett ulike luftfartøy i området.
– Men me kan ikkje seie sikkert at dette handlar om same tidsrom. Det er mellom anna fleire fly som flyr sightseeing frå Ullensvang-sida og frå andre plassar, seier han.
– Me ønskjer å høyra frå folk dersom det er andre som har sett noko, seier Dahl-Mikkelsen.