Hopp til innhold

Største vassføring sidan 1800-talet

– Denne situasjon er historisk. Vi har ikkje målt større vassføring i denne elva siden 1892, seier Inge Lavold i NVE region vest.

Flaum ved Voss Camping

UNDER VATN: På Voss står heile campingplassen under vatn.

Foto: Lars Lid Trana / 03030-tipser

På Voss stig Vangsvatnet og Voss Camping og Minigolfen Pub og Café står under vatn.

– No renn det over 600 kubikkmeter vatn per sekund i Vossovassdraget. Vanligvis ligg det langt, langt under. Det er det meste som er registrert sidan NVE starta med døgnmålingar i 1892, ifølgje i NVE.

– I natt har det vore store utfordringar, og dei har vore størst på Evanger, seier ordførar i Voss kommune, Hans-Erik Ringkjøb til NRK i morgontimane.

– På Evanger er vatnet veldig høgt. Det går klar vegen, men me har ein mur inn til Evanger sentrum der vatnet har byrja å gå over, seier han.

– Kan bli fleire rekordar

Ikkje sidan døgnmålingane i Vossovassdraget starta i 1892 er det registrert meir vatn i elva.

– No passerer vi akkurat rekorden i vasstand frå 1918, seier Elin Langsholt i NVE ved 12.30-tida tysdag.

Den såkalla momentanverdien passerte då 630 m3 vatn per sekund.

Og fleire rekordar kan stå for fall.

- Det er i alle fall den høgste vasstanden på over hundre år. Men 1743 er eit gyllent årstall, då var det ein kjempestor flaum der. Men for å finne ut korleis dagens situasjon er samanlikna med då, må vi gjere eit historisk djupdykk.

(Artikkelen held fram under biletet)

ballb

FORTVILA: – Eg blei heilt paff og forvila då eg såg det. Eg hadde ikkje trudd det skulle bli så gale, seier Godtfred Skjelde.

Foto: Steinar Nedkvitne / NRK

Norges vassdrags- og energidirektorat har varsla at det er 50-årsflaum på Voss, og E16 er også stengt ved Vinje på grunn av flaum.

– No er vasstanden på Vangsvatnet så høg som det ikkje har vore før det vart senka på 90-talet, seier Elin Langsholt som er vakthavande hydrolog i NVE.

– Meteorologane seier det kjem til å regne framover og utover ettermiddagen. Vasstillinga stig, og den vil framleis stige litt, men me reknar med at det vil kulminere på ettermiddagen, seier ho.

Ho seier vassføringa i Vosso nedanfor Vangsvatnet er større enn den har vore sidan 1920.

– Det verkar som om det er størst skader nedover Vosso, og ikkje så mykje ved Vangsvatnet, seier Langsholt.

Stengde vegar

Vatn flaumar over vegbanen på E16 sør for Vinje, og Statens vegvesen kan foreløpig ikkje seie kva tid E16 opnar igjen.

Trafikken mellom øst og vest går dermed på Riksveg 7 over Hardangervidda. Det er også mogleg å køyre E134 over Haukelifjell.

I Kvinnherad er Fylkesveg 551 Furubergtunnelen stengt. Her er det ingen lokal omkøyringsveg.

Saka held fram under biletgalleriet.

Vil ty til sandsekkar

Vasstanden på Vangsvatnet på Voss er svært høg, og raudt flaumvarsel vart sendt ut i går. Vassføringa har ikkje vore så stor på nesten 100 år.

– Her er det mykje vatn. Det er mange år sidan me har sett liknande, seier ordførar i Voss kommune, Hans-Erik Ringkjøb i morgontimane.

Han fortel at dei er på vakt, og at dei følgjer ekstra godt med på Evanger no.

– Me må kanskje ut med sandsekkar for å unngå at vatnet skal komme over muren og inn i sentrum, seier Ringkjøb.

Vatn i kjellarane

Rundballar i vatnet

HØGT VATN: Rundballar ligg og flyt i vatnet.

Foto: Tale Hauso / NRK

På veg til Evanger der det bur rundt 1400 personar, kunne NRK sin utsende reporter observere rundballar som flaut i vatnet.

På Voss har hus fått inn vatn i kjellarane.

– I Haugamoen i Voss sentrum har me fått melding om at husstandar har fått vatn i kjellaren, seier Hans-Erik Ringkjøb.

– Dette er ei utfordring no framover, og det er meldt meir regn i løpet av dagen, så det kan skje fleire plassar, seier han.

Ordføraren oppfordrar om å vere på vakt, då det er mykje vatn i vegane også.

– Kummar kan gå tette og gå fulle, så ein må fylgje med, seier han.

Saka helg fram under bilete.

Vatn i Evanger

MYKJE VATN: Vatnet går endå ikkje opp på vegane på Evanger.

Foto: Tale Hauso / NRK

Prøver å hjelpe

Hans-Erik Ringkjøb

MÅ PASSE PÅ: Ordførar i Voss kommune, Hans-Erik Ringkjøb, oppfordrar innbyggjarane om å passe på.

Foto: Tale Hauso / NRK

Kommunen prøver å hjelpe med pumpekapasitet, og vil også prøve å hindre at vatnet på Evanger kjem over eit større område.

Kommunen har også ein vakttelefon innbyggjarane kan ringe for å høyre om dei kan få hjelp dersom dei får vatn inn i hus eller hagar.

– Elles må me også oppfordre innbyggjarane våre til å passe på, og dei som veit at dette er ei utfordring for dei må gjere tiltak i heimane sine, seier Ringkjøb.

– Viss dei er kjent med at det kan komme vatn i kjellarane sine, så kan dei rydde vekk lause gjenstandar som har verdi, slik at dei slepp det tapet i ettertid, seier han.

Voss camping under vatn

Voss camping

SANITÆRANLEGGET: Voss Camping har vatn opp etter veggen på sanitæranlegget.

Foto: Lars Lid Trana / 03030-tipser

Voss camping ligg like ved Vangsvatnet, og dei merkar flaumen godt.

– Det er ganske mykje vatn, og utfordringa no er at det bles opp og at stadig meir vatn kjem inn på campinga, seier Lars Lid Trana, som er ved campinga på morgonkvisten.

– Vatnet står oppetter veggen på sanitæranlegget, seier han.

NRK oppdaterer saka.