STØRSTE VASSFØRING SIDAN 1800-TALE:

Det er i føremiddag sett rekord i Vossovassdraget, melder Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE). Ikkje sidan døgnmålingane i elva starta i 1892 har den såkalla momentanverdien vore høgare. – No ligg han på kring 630 m3 vatn per sekund, seier Elin Langsholt i NVE.