Hopp til innhold

Populære lågkarbo-diettar aukar bok- og smørsalet kraftig

Stor auke i lågkarbo-bøker, frø og feit mat. Årsaka er dei populære lågkarbo-diettane som herjar no.

Smør

POPULÆRT: Smørsalet har auka kraftig etter at lågkarbo-diettane igjen har blitt populære.

Foto: Illustrasjonsfoto: www.colourbox.com

– Du kan trygt seie at vi har ein stor auke i selde lågkarbo-bøker, seier butikksjef Liv Unni Aardal ved Førde Libris.

Bøkene finst i mange variantar og har blitt så populære at dei i haust har dominert bestseljarlistene for sakprosa i heile landet.

Trenden starta etter sommaren

Aardal seier trenden starta då hausten tok til. Hennar erfaring er at mange av kundane er opptekne av lågkarbo. Den mest populære ligg no på 2. plass på bestseljarlistene i Norge.

– Dette har teke skikkeleg av i det siste. Vi har seld rundt 100 bøker av den mest populære. Det er mykje for ei kokebok, for det finst eit oppkome av bøker med oppskrifter seier ho til NRK.no.

Ho viser kundane kva utval dei har, for lågkarbo-bøkene har forskjellig innhald og det kjem stadig nye.

– Den siste vi no skal få inn, handlar om lågkarbo-trening, seier ho.

(Saka held fram under avstemminga)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Stort smørsal

Og det er ikkje berre bokhandlaren som merkar folk si interesse for denne dietten. På knappe 10 månader har Coop Extra seld nesten like mykje smør som i heile fjor, skriv avisa Firda.

Før selde butikkane mykje lettprodukt, no er trenden ein annan. For salet av rømme, kylling, bacon, egg og majones har også skote i vêret.

– Og framleis har vi gode salsmånader att, seier Rakel Sunde som er ansvarleg for meieriprodukta.

Lågkarbo-brød

Butikken har også merka at mange kjøper linfrø, solsikkekjernar og pinjekjernar. Men sjølv om at brødet bør kuttast i desse kurane, har ikkje brødsalet gått vesentleg ned. Avisa har vore i kontakt med fleire butikkar, og alle meldar om stor interesse for lågkabo-brød.

– Det verkar som om dette er veldig i skotet no, seier butikksjef Jan Inge Hansen ved Rimi til avisa.