Hopp til innhold

Større vasslekkasje i Bergen: – Snakk om mange tusen liter

Brannvesenet melder om ein større vasslekkasje i eit kontorbygg i Bredalsmarken i Bergen sentrum. Fleire etasjar og mange rom er råka, melder 110-sentralen. Brannvesenet og Skadealliansen jobbar på staden. – Det er snakk om mange tusen liter vatn. Det er lekkasje over tre etasjar og i mange rom. Me kjem nok til å bli her ei stund, seier vaktkommandør Morten Frantzen i 110 Vest. Restverdibilen frå Arna stasjon og to bilar frå hovudbrannstasjonen er på staden.