Hopp til innhold

Større mengder gjødsel rann ut i elv

VIK (NRK): Rundt 30 kubikk med gylle rann i går ut i elva Hopra i Vik kommune.

Utslepp av gylle i elva Hopra i Vik

UTVATNA: Nesten eit døgn etter hendinga, var det ikkje merkbar farge på vatnet.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

Ein fjøs i Vik kommune skulle i går ettermiddag overføre gjødsel til eit ubrukt gyllelager. Det enda med 30–40 kubikk i elva Hopra.

– Det ser ut til å vere ein botnventil som har vore øydelagt eller open. Dette har ført til ein lekkasje, der utvatna gylle har runne ut på marka og vidare ut i elva, seier politibetjent Olav Jakob Aase ved Vik lensmannskontor.

Varsla kjapt

Bonden ringde politiet kort tid etter hendinga. Politiet tok vidare kontakt med Statkraft.

– Det vart kjapt sett i gang tiltak i samsvar med dei tiltaksplanane som er for slike hendingar. Statkraft sette i gang tiltak for å tynne ut gyllen i vatnet kort tid etter, seier rådmann Oddbjørn Ese i Vik kommune.

Rådmannen rosar også bonden for å handle raskt.

– Han har følgt dei varslingsrutinane han skulle, og vi vurderer dette som eit uhell, seier han.

Saka vert ikkje meld til politiet av Vik kommune, fordi dei ser på hendinga som eit uhell.

Har reinska opp

I går var det tydeleg lukt og misfarging i etterkant av hendinga. I dag er det ikkje teikn til misfarging eller lukt i området.

Gylleslange i Vik

DEFEKT: Ein gylleslange som skulle overføre gjødsel vart truleg ein medverkande faktor til hendinga.

Foto: Noralv Pedersen / NRK
Olav Jakob Aase Vik lensmannskontor

HURTIG TILTAK: I følgje politibetjent i Vik, Olav Jakob Aase, vart det sett i gang tiltak snarast råd etter hendinga.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

NRK har snakka med bonden. Han seier det var eit uhell. Han har no reinska røyr, og alt skal vere i orden.

– Kommunen, politi og brannvesen har vore på plass, og vi har samarbeidd om å minske konsekvensane av hendinga. No sørger vi for at det ikkje skjer igjen, seier bonden.