Hopp til innhold

Danskane kallar stormen «Otto» – han viser musklar i Noreg også

– Har folk moglegheit til å hente tidleg frå skule og barnehage, så ville eg gjort det, oppmodar meteorologen.

Kraftige vindkast i sørvest-Noreg.

Danskane har gjeve stormen namnet «Otto», men før han når Danmark vil han treffe det norske sørvestlandet og Sørlandet med god kraft.

Grafikk: Skjermdump / varsom.no

Fleire av dei som går på vinterferie komande helg kan få ein brå start på ferien.

Det er venta nordvest full og til dels sterk storm langs kysten frå Sunnhordland til Agder. I store delar av Sør-Noreg er det varsel om kraftige vindkast.

Meteorologane har er ei tid følgd med på lågtrykket som no er i Nordsjøen.

Fredag kan det kome vindkast på 40 meter i sekundet langs kysten av sørvestlandet. Det svarar til oransje varsel.

– Den kjem på eit ugunstig tidspunkt. For folk som reiser på hytta for vinterferien, så kan det vere lurt å utsette eller reise før. Ein bør unngå å ferdast på vegane når det er som verst, seier vakthavande statsmeteorolog, Geir Ottar Fagerlid.

Fire internasjonale skular i Stavanger stenger tidlegare fredag på grunn av det varsla uvêret. Vanlegvis går elevane til klokka 15.00, men fredag vil dei slutte klokka 12.30.

I områda med gult farevarsel kan vindkasta kome opp i 25–35 meter i sekundet langs kysten og 25–30 meter i sekundet i indre strøk.

Kortvarig storm

Danmarks Meteorologiske institutt har gjeve lågtrykket namnet «Otto». Her ventar dei vindkast mellom 33–34 m/s. I Noreg får ein storm først namn ved raudt varsel.

Vinden skal byrje å auke frå klokka 14 fredag ettermiddag.

– Det vil vere ein rask auke i vindstyrke, så det kan kome litt brått på, seier statsmeteorolog Dina Stabell.

Ho fortel at vinden først vil gi seg i ytre strøk, ved 19-tida, og noko seinare i indre strøk, kanskje nærare klokka 21.

– Dette treffer Rogaland i beste sendetid, når folk skal heim frå skule, jobb og barnehagar, seier statsmeteorolog Ingrid Helland Soldal.

– Har folk moglegheit til å hente tidleg, så ville eg gjort det. For det kan bli ganske vanskeleg å ferdast ute i den vinden, dersom vegar blir stengde eller tre fell ned, legg ho til.

Geir Ottar Fagerlid

FØLGJE MED: Statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid seier varselet om kraftige vindkast kan endre seg fredag – både til betre og verre.

Foto: Anders Ekanger / NRK

For eit større område rundt det «oransje området», er det også ute gult varsel om kraftige vindkast.

For Vestland sin del kan dei lokalt nå 30 sekundmeter. Austafjells opp mot 25.

– Det er alvorleg at vi har opp i gult nivå for så stor del av Sør-Noreg, seier Fagerlid.

– Potensial til å gjere skade

Lågtrykket som kjem innover Noreg fører ikkje med seg store nedbørsmengder, men det kan kome byer. I tillegg er det utrygt for torevêr.

– Det er vinden vi er mest uroa for, seier Fagerlid og legg til at det kan bli stengde bruer, fjellovergangar, vegar, forseinkingar i trafikken og fleire kan miste straumen.

Fjellovergangane sør for Finse trur han kan bli stengde.

Dei kraftige vindkasta kan også gi skade på skog og bygningar.

Statsmeteorologen dreg parallell til stormen i fjor som trefte same området og som gjorde ein del skader.

– Denne stormen har også potensial for å gjere ein god del skade. Vi fekk veldig mange skademeldingar frå stormen i fjor, og ventar ein del problem også med denne stormen, seier Fagerlid.

Også avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen åtvarar om vêret som er venta.

– Trafikantane bør unngå å ferdast på utsette stadar. Berekn ekstra reisetid, og vurder om reisa er naudsynt.

Rolegare i helga

Etter at vinden roar seg fredag kveld vil det framleis vere litt vind, men truleg blir helga rolegare.

– Utover kvelden laurdag vil vinden minke til nordleg frisk bris. Då vil byeaktiviteten minke, seier statsmeteorolog Dina Stabell.

Ho fortel at starten på søndag ser grei ut, men at det kan kome eit nytt lågtrykk mot slutten av helga.

– Men det får me vente med å tenke på.

Danskane kallar stormen "Otto". No kjem den til Norge.

Stormen danskane har kalla «Otto» kjem som eit lågtrykk til det norske sørvestlandet og Sørlandet.

Foto: Skjermdump / Meteorologisk institutt