Det seier dagleg leiar i Luster mekaniske industri, Geir Øren. - Jubelen sto i taket, dette er veldig gode nyheiter for oss, seier Øren.
Luster mekaniske industri skal levera røyr til Ormen Lange ved Aukra i Møre og Romsdal, og kontrakten med Aker Stord til ein verdi på mellom 20 og 30 millionar er den største nokon sinne for industriverksemda i Gaupne.
Aukar arbeidsstokken
Dei siste tre åra har Luster mekaniske industri levert røyr til plattformer både på Fram Vest, Kristin og Snøkvit. I fjor haust sikra LMI seg dessutan ein ordre til ni millionar kroner. Når arbeidet med denne kontrakten kjem i gang rett over påske, må dagleg leiar Geir Øren auka arbeidsstokken frå 47 til 60 det siste året. Den nye storkontrakten med Aker Stord tryggjer arbeidet til dei 60 tilsette i lang tid.
Hard konkurranse
Luster mekaniske industri vann kontrakten i hard konkurranse med både norske og utanlandske selskap frå lågkostland i Aust-Europa. Det får ordførar Torodd Urnes til å ta fram dei store orda.
- Det et veldig bra at vi har ei bedrift som kan konkurrere i verdstoppen og få slike kontraktar. Dette er positivt for næringslivet vårt, seier Urnes.