Kontrakten med Fjellstrand AS går ut på å produsere komplett røyrutrustning av eit supplyfartøy. Dette vil gje arbeid til mellom 30 til 35 personar. I tillegg skal Fjordpipe levere komplett ventilpakke og alt rørmateriell. Det skriv Firdaposten på nett.
– Kontrakten har veldig mykje å sei for oss. Vi sikrar oss god sysselsetjing ut året, samt ein god del arbeid i 2013, seier dagleg leiar Jan Åge Sande.
Fjordpipe AS heitte tidlegare Eikefjord Mekaniske Verkstad og har kring 130 tilsette frå heile Sogn og Fjordane og Polen. Avtalen inkluderer også opsjon på ytterlegare to supplyfartøy til.