Hopp til innhold

Storkommunens skjebne kan bli avgjort måndag

Fire lokalpolitikarar i Meland kan bli tungen på vektskåla for ein samanslått kommune i Nordhordland.

Meland

I DEBATT: Kjersti Toppe (til v.) og Meland-ordførar Øyvind Oddekalv diskuterte kommunereforma hjå Siv Fossåskaret i morgonsendinga til NRK Hordaland.

Foto: CHRISTIAN LURA

– Saka blir avgjort i kommunestyret vårt 22. juni, seier Meland-ordførar Øyvind Oddekalv (Ap) til NRK.

Det er fleirtal i Radøy og Lindås for ein kommune som består av dei og Meland. Men i går røysta eit lite fleirtal i Meland imot planane.

Fire røyster er nok

Det tyder ikkje at ordfører Oddekalv meiner politikarane må følgje rådet frå innbyggjarane.

– Når valoppslutninga var så lav, er vi nesten like langt. Det virkar ikkje som om namnet på kommunen er det viktigaste for innbyggjarane, seier Oddekalv

Måndag kan samanslåingsplanen i røynda bli avgjort. Då har Ap i Meland gruppemøte.

Viss Høgre, KrF og Venstres ti representantar held fast på at dei går inn for samanslåing, vil fire av sju Ap-representantar vere nok til å danne fleirtal i kommunestyret.

Ulike meiningar

Til no har det vore ulike meiningar i Meland Aps gruppe om samanslåing er vegen å gå. Oddekalv vil ikkje svare på om han vil krevje at gruppa blir bunden.

– Men vi har ikkje tradisjon for dette i Meland, og eg trur ikkje det blir aktuelt, seier han.

Ville vi hatt denne diskusjonen om det hadde vore motsett, eit knapt ja-fleirtal?

Kjersti Toppe (Sp)

Stortingspolitikar Kjersti Toppe (Sp) meiner Meland bør følgje rådet frå innbyggjarane og seie nei til kommunesamanslåing, sjølv om fleirtalet er knapt og valdeltakinga lita.

– Spørsmålet er om vi ville hatt denne diskusjonen om det hadde vore motsett, eit knapt ja-fleirtal. Også andre kommunar har hatt eit lågt oppmøte utan at dette er blitt problematisert, seier Toppe.

– Må ikkje bagatellisere

Ho er glad for at Meland gjennomførte ei folkeavstemning, og ikkje baserte seg på ei innbyggjarundersøkjing slik Radøy og Lindås gjorde.

– Meland hadde ein helt annan demokratisk prosess. Den skal ein ikkje bagatellisere, meiner Toppe.

– Eg er opptatt av at det er lokalpolitikarane i Meland og ikkje stortingspolitikarane som skal avgjere denne saka, svarer Oddekalv.

– Dette var ei rådgjevande folkerøysting som er ein av faktorane vi skal basere den endelege avgjerda på, seier han.