Hopp til innhold

Storfusjon i fiskebransjen

Konkurrentane Domstein Pelagic, Global Fish og Westcoast fusjonerer. Det nye selskapet vert verdas største på vidareforedling og sal av sild og makrell.

Makrell på samlebandet til Domstein
Foto: NRK

Selskapa har ein samla omsetnad på tre milliardar kroner, og står for halvparten av den norske eksporten av sild og makrell.

Hovudkontor i Måløy

Utanom houvdkontor i Måløy vil selskapet få salskontor i Bergen og Ålesund. Eigarane av dei tre selskapa vil få kvar sin tredjepart i det nye selskapet.

Nøkkelpersonane i dei gamle selskapa vert med i det nye selskapet, men førebels er det ikkje bestemt kven som vert styreleiar og toppsjef . 

Vil tene meir pengar

Gunnar Domstein
Foto: NRK

- Vi ser inn i ei tid med positiv utvikling og vesentleg større kvotar, spesielt på sild. Vi har også bak oss ei historie der vi på landsida har operert alt for oppdelt og lite strukturert. Planen vår er å hente ut ein gevinst av fusjonen som kan betre lønsemda. Ein slik fusjon vil og hindre store svingingar i marknaden, slik vi har opplevd dei siste åra, seier administrerande direktør i Domstein Pelagic, Gunnar Domstein.

Ifølgje Domstein vil ikkje fusjonen føre til at anlegg vert lagde ned eller får redusert drift.

På plass før sommaren

Intensjonsavtalen om samanslåing vart underskriven 25. oktober. Ifølgje ei pressemelding frå selskapa er det venta at den endelege avtalen vert underskriven innan utgangen av 2006.

- Selskapa skal drive kvar for seg vintersesongen 2007, og det nye selskapet skal vere i drift innen utgangen av andre kvartal, heiter det i meldinga.

Global Fish har i dag hovudkontor i Ålesund, medan West Coast har tilhald i Bergen.

Tap for Domstein

Domstein orienterte om fusjonen i ei børsmelding. Samstundes presenterte dei resultata for tredje kvartal. Desse syner at konsernet tapte 33,6 millionar kroner, mot eit underskot på 11,6 millionar kroner i same perioden i fjor.