Hopp til innhold

Her seier Ragnar (71) fram visa om seg sjølv

VIK (NRK): Han er ein høgt skatta tolkar av Jakob Sande. På premieren av Ottar Wiik-kabareten «Rundballeri hurra!» urframførte Ragnar Hove visa som Wiik skreiv til venen sin.

Ragnar Hove og Ottar Wiik

BUFØRINGSJUBEL: Til stor fagnad framførte Ragnar Hove (midten, t.h.) visa som Ottar Wiik (midten, t.v.) hadde skrive til han.

Foto: Kjell Vikestad

– Eg kan ikkje seia noko anna enn at dette er stort, seier Ragnar Hove.

Til rungande applaus har den 71 år gamle pensjonerte bonden og 40 musikkvener i Vik framført «Rundballeri hurra!», ein kabaret med visene til Ottar Wiik.

– Visene er så folkelege og heilt alminnelege, at eg trur folk set stor pris på dei, seier Hove.

«Utruleg at han har pønska ut alt dette»

Det 105 år gamle ungdomshuset Vikjahalli var fylt til siste stol på premieren i kveld.

Anna Maria Finden

EI STOR OPPLEVING: Anna Maria Finden sette stor pris på premieren på kabareten 'Rundballeri hurra!'.

Foto: Kjell Vikestad

– Dette var kjempebra. Eg likar måten det blir gjort på, og ikkje minst dei lune og gode tekstane til Ottar. Det er heilt utruleg at han har gått og pønska ut alt dette, seier Rune Wold.

– Eg tykkjer dette var flott. Eg likar så godt visene til Wiik, både melodiane - og tekstane, som eg ler godt av, seier Anna Maria Finden.

Også på sosiale medium var lovorda mange:

Laster Twitter-innhold

Vise til Ragnar

I førti år har Ottar Wiik sett det særmerkte i livet langs vestlandsfjordane, og fanga det i viser som «Statistikkvise» og «Rundballevise». Mange av Wiik-komposisjonane blei gitt ut på plata «Her langs fjorden» for 20 år sidan.

I 40 år har Ottar Wiik skrive viser om livet langs vestlandsfjordane.Om regn, rundballar og ikkje minst alt statistikken kan fortella. No har han lete seg overtale til å setje opp ein kabaret med eigne viser.

KULTURARBEIDAREN: Fjernsynsreportasje om Ottar Wiik som har late seg overtala til å laga ein kabaret med eigne viser.

Mykje av musikken i kabareten er henta nettopp frå denne innspelinga, men publikum får òg høyra Wiik-viser som ikkje tidlegare er framførte. Ei av dei er «Buføring» (sjå teksten nedst i artikkelen), ei lystig og treffande vise Ottar Wiik som har skrive om dei mange buføringane Ragnar Hove skipa til:

– Nei, til å gå heilt i detalj om kva som har skjedd på desse turane, veit eg ikkje om eg skal gjera, humrar Hove.

Buføring Ragnar Hove

BUFØRING I SENDEDALEN: Ragnar Hove og Helge Helgesen, tidlegare sokneprest i Vik (t.v.), jagar buskapen over den kalde Sendedalselvi.

Foto: Privat

Det som er kjent frå desse turane til støls med buskapen, er at mange - både unge og gamle - har vore med.

– Av og til var det dobbelt så mange folk som kyr, ler Hove.

Eit kulturminne

– Buføring på gamlemåten står i fare for snart å bli eit kulturminne. Og Ragnar hadde ei evne til å gjera det til ei storhending og eit kulturarrangement i seg sjølv, seier Wiik.

Wiik har i fleire tiår arbeidd saman med Hove og kulturarbeidaren Jens Brekke. Saman har dei - og andre - sett opp diktinga til Jakob Sande, Per Sivle og Ivar Aasen.

GAMALOSTFESTIVALEN: Frå stykket Brita i Bu. Frå venstre er Olaug Brekke, Bjørg Borlaug Grønningen, Ragnar Hove og Martha Liljedal

HØGT SKATTA: Det er høgtid i Vik når Ragnar Hove framfører vers frå scenekanten i ungdomshuset Vikjahalli. Her frå stykket Brita i Bu under Gamalostfestivalen i 2011 med (f.v.) Olaug Brekke, Bjørg Borlaug Grønningen og Martha Liljedal.

Foto: Odd Inge Gjeraker

At Ottar Wiik har late seg overtala til å laga ein kabaret med eigne viser, har Hove stor sans for:

– Det tykkjer er heilt rett og noko det er stas å få vera med på, seier 71-åringen.

Buføring

(Tekst: O.Wiik, Melodi: «Solen glimmar», C.M.Bellmann)

Snjoen brånar lag for lag
oppå ting og rana
Foret minkar dag for dag
Kyri står og glana
Katten vaknar frå sin blund
Bortpå Tenol gøyr ein hund
Over Pridlao trygg og rund
soli i si bana

Sjå, der kjem dei folk og dyr
hunden gøyr som galen
kalvane er heilt på styr
katten slær med halen
kydna rekkjer no i rad
Ragnar er fornøgd og glad
bølingen er godt avstad
opp til Sendedalen

gjennom grindi med eit brak
opp i fylkesvegen
Arne rappar til ho bak
med ei bjørkesviga
gå no litt til sides her!
slepp forbi den bilen der!
bjødlekyri brei og svær
stoggar for å miga.

Kari fremst med rop og lokk
opp i fylkesvegen
Ragnar fylgjer med sin flokk
syng so stolt og fegen
kyri nappar gras og strå
løvetanna let ho stå
husj, di rugga, vil du gå!
ho er sta og egen.

Lia opp er bratt og lang
for dei tunge kroppar
takk og pris, der ser me Hang
og dei kvite toppar!
Fjellet lyser beint imot
Ragnar vart so lett på fot
Helge snublar i ei rot
der han lystig hoppar.

Tenol: grend i Vik, Pridlao: fjell i Vik, Sendedalen: dal med godt fjellbeite, Hang: støl i Vik

Ragnar Hove les dikt av Jakob Sande. Arkivopptak frå 2006.

SANDE-TOLKAREN: Fjernsynsreportasje om Ragnar Hove frå desember 2006, i samband med markeringa av hundreårsdagen til Jakob Sande.