Mattilsynet meiner dei gjennom ei rekkje besøk på garden til mannen har funne fleire brot på dyrevelferdslova i perioden frå mai 2017 til juni 2019.
I tiltalen vert bonden blant anna skulda for mangelfullt tilsyn med dyra, som skal ha fått skader etter å ha ligge i avføring og fukt. Funn av tre storfekadaver i nærleik til fjøsen, er ifølgje Mattilsynet sin rapport teikn på vanstell og ubehandla skader.
Nektar straffskuld
Då saka mot mannen i 50-åra starta i Sogn og Fjordane tingrett onsdag, nekta han for straffskuld på fem av dei seks punkta han er tiltalt for.
Han nektar for at dyra har lidd av dårleg reinhald, ulovleg slakting eller mangelfullt tilsyn. Han samtykker likevel i å ikkje ha levert alle kadaver til godkjent mottak, trass i at han er kjend med regelverket.
– Eg stiller meg uforståande til tiltalen, fortel mannen til NRK.
– Korleis vil du sjølv skildre tilhøva på garden, mot slik det kjem fram i tiltalen?
– Ein må ta av mange prosent. Eg seier ikkje det var perfekt hjå meg, men her er ein først og fremst ute etter ein dom og god statistikk.
Forsvarar Louis Anda meiner rapporten frå Mattilsynet er tendensiøs og at den ikkje gir eit rett bilete av verkelegheita.
Forsvara skot i buken
Aktor Inger Helene Stenevik stilte fleire spørsmål knytt til bonden si eiga vurdering av helsetilstanden til dyra. Også metodar for avliving, og vurderinga bak desse, blei forklart i detalj.
Eit gjentakande spørsmål var kvifor tiltalte valde å avlive med skot i buken eller brystet, framfor i skallen. Dette forklarte bonden med at «blinken» i sistnemnde alternativ var vesentleg mindre.
Mannen viste til at han har lang erfaring frå slakt av både vilt og storfe, og at metoden han nyttar ikkje påfører dyra unødig liding.
I løpet av tre år har tal dyrevelferdssaker i rettssystemet i Noreg mangedobla seg.
Mista uvanleg mange dyr
Med utgangspunkt i husdyrregisteret viste aktor til at bonden dei siste åra har mista ni dyr på utmarksbeite, der to av desse blei funne døde. Ho omtalar dette talet som langt over normalen for kva ein kan vente av tap.
Tiltalte forklarte sjølv at det i nokre av tilfella kan vere snakk om miltbrann, og at han i tillegg har store beiteområde å sjå til.
– Det er sjølvsagt altfor mange, og eg tykkjer det er nitrist, sa den tiltalte.
Tiltalen skildrar også korleis fleire dyr ikkje skal ha fått tilstrekkeleg oppfølging, eller naudsynt avliving, som følgje av komplikasjonar ved kalving eller anna sjukdom.
Tre dagar i retten
Den tiltalte har i tillegg til gardsdrifta jobba i ei anna fulltidsstilling og fekk mange spørsmål om korleis desse jobbane lét seg kombinere.
Tiltalte skildrar at det i periodar har vore svært hektisk, men avviser at det har hindra han frå å gi dyra naudsynt stell Morgon og kveld. Han meiner likevel at tilsynet kom på eit tidspunkt, der det var svært hektisk. Og at det ikkje gir eit rettvis bilete av den daglege drifta.
På det meste har han hatt mellom 60–70 storfe på garden.
Det er sett av tre dagar til rettssaka. Dag to skal etter planen starte med ei synfaring på gardsbruket til den tiltalte.