Ap: Må ha nytt vedtak i fylkestinget om fylkessamanslåing

Ap-leiar Jonas Gahr Støre er tydeleg på at han ikkje vil ha omkamp om vedtaket om å slå saman Sogn og Fjordane og Hordaland. Men no modererer partiapparatet uttalen hans.

Jonas Gahr Støre

SET FOTEN NED: Jonas Gahr Støre ser ingen grunn til å gjere om eit stortingsvedtak som byggjer på at både fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland har sagt ja til samanslåing.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Val

Motstanden mot det nye vestlandsfylket er stor i Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane. Stikk i strid med det Støre har sagt til Bergens Tidende. Han meiner at vedtaket om etablering av stort Vestlandsfylke må bestå.

Torsdag ettermiddag presiserer partisekretær i Arbeidarpartiet, Kjersti Stenseng, at der det er fatta positive vedtak om samanslåingar, så står desse fast.

Men ho peikar på at Sogn og Fjordane sa ja under visse føresetnader, og at fleire av desse ikkje er oppfylt. Kva slags føresetnader det er, vil ho ikkje gå nærare inn på.

– Difor røysta Arbeidarpartiet imot samanslåinga i Stortinget i juni. Stortingsfleirtalet, Høgre, Frp, Venstre og Krf fatta eit vedtak om samanslåing, det er vedtaket som per i dag står fast, skriv Stenseng i ein e-post.

– Eit initiativ om å omgjere vedtaket må i tilfelle komme fra Fylkestinget i Sogn og Fjordane sjølv, skriv Stenseng.

7. juni i år sa representantsskapsmøtet i Sogn og Fjordane Arbeidarparti eit tydeleg nei til eit stort Vestlandsfylke. Fylkeslaget har tidlegare og fått støtte frå sentralt hald i paritet.

– Fylkestinga bestemmer

Også stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap) har tidlegare sagt at med Ap og Sp i regjering, så vil dei to fylka hadde fram som eigne fylke, men med "døra på gløtt".

Men toppleiinga har eit anna syn enn opprørte partifellar i fjordfylket.

Bergens Tidende skriv nemleg i dag at Jonas Gahr Stør denne veka møtte den sjukmelde fylkesordføraren i Hordaland, Anne Gine Hestetun. I samband med dette møtet spurde avisa om Støre meiner Vestlandsregionen er ei frivillig samanslåing eller tvangssamanslåing. Til det svara Ap-leiaren at det kjem an på kva fylkestinga har vedteke.

– Godtek synet til partileiaren

– Begge fylkestinga har vedteke samanslåing. Er det mogeleg å opne for ein omkamp om Vestlandet då?

– Nei, då meiner eg vedtaket må stå, seier Støre til Bergens Tidende.

Fylkesleiar og andrekandidat ved stortingsvalet, Hilmar Høl, seier til avisa at han tek signala frå partileiaren til etterretning.

– Vi godtek dette ut frå at vi var med på å røyste for ein intensjonsavtale, seier Høl.