Hopp til innhold

Store steinblokker sperra vegen

To bygder blei isolerte etter det kom eit steinras mellom Vangsnes og Feios i Vik.

Steinar sperrar vegen mellom Vangsnes og Feios

STENGD: To store steinblokker dekker halve vegbanen.

Store steinblokker losna frå vel 100 meters høgde og dundra ned mot fylkesvegen. To av dei dekte halve vegbanen på fylkesveg 5602, og vegen blei stengd.

– Ein del større steinar har hamna ned mot sjøen. Dei skal vere på storleik med personbilar, fortalde trafikkoperatør Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen i 10-tida.

Entreprenør blei varsla og ein anleggsmaskin kom til staden. Geolog Ingrid Bjørnerheim Hynne har vore i området for å sjekke fjellsida. Ho seier massane ser stabile ut.

– Det ser ut som det meste har kome ned, og det som ligg att ligg relativt stabilt.

Vegen er no opna att, opplyser Vegtrafikksentralen.

Steinras sperrar vegen mellom Vangsnes og Feios

SKAL UNDERSØKJE: Ein geolog er på veg til staden.