Steinras nær bustadområde i Bergen: – Store blokker har losna i fjellsida

Rundt 15 kubikk med stein og jord losna i eit større ras i Bergen i natt. Geolog har undersøkt rasområdet med drone og har oppdaga meir dårleg fjell.

Ras i Løvstakken 8.april 2021

RAS I FJELLSIDA: Raset skal vere på rundt eit titals kubikkmeter, ifølge geolog Asbjørn Øystese.

Foto: HERBJØRN HEGGEN / Multiconsult

– Vi har fått ein munnleg tilbakemelding frå geologane i området og dei seier det ikkje er umiddelbar fare for bebuarane i området, seier seksjonsleiar Arild Gundersen i bymiljøetaten i Bergen kommune til NRK klokka 11.00.

I 01-tida i natt fekk politiet fleire meldingar om eit forholdsvis stort ras i fjellsida på Løvstakken i Bergen.

Naudetatane anslår at raset gjekk rundt 400 meter unna bustadområdet i gatene Grønnlien og Løvstakklien.

Brannvesenet var ute med luftambulansen i natt for å få oversikt over området.

SJÅ VIDEO: Luftambulansen undersøkte rasområdet natt til torsdag.

Politiet fortel til NRK i 5-tida at det er store steinblokkar i det som er eit forholdsvis stor ras, men at ingen er skadd og at verken hus eller vegar er ramma.

Gjer ikkje tiltak no

Torsdag morgon er geolog Asbjørn Øystese frå Multiconsult på plass for å undersøke rasstaden med drone, på oppdrag frå kommunen.

– Det ser ut som eit titals kubikk. Det er ein del. Akkurat tonnasje er vanskeleg å seie no, seier Øystese.

Gundersen i bymiljøetaten bekreftar at det er snakk om eit stort ras.

– Vi har fått tilbakemelding om at det er snakk om fleire store steinblokker. Kring 15 kubikk har rast ut.

Kommunen ventar på ein meir utfyllande rapport frå geologane som vart sendt ut for å undersøka torsdag morgon.

– Førebels er det ikkje anbefalt at vi gjer tiltak, men geologane ser at det er meir dårleg fjell i området der, seier Gundersen.

Raset i Løvstakken 8.april 2021

Det er store steinar som har kome ned i raset.

Foto: Herbjørn Heggen / Multiconsult

Stenger populær turveg

I natt vurderte naudetatane det slik at det ikkje var akutt fare for nye ras.

Dei har likevel stengt av den populære turvegen Løvstien i frykt for nye ras. Den blir heller ikkje opna med det første, får NRK opplyst av kommunen.

Men dei som arbeider med å ferdigstille turstien, har fått halda fram. Mellom Løvstien og fjellsida er det bygd ein stor voll, nettopp for å sikre turgåarar og bebuarar for slike ras som kom i natt.

– Raset i natt har stogga på veg ned mot rasvollen, seier Gundersen.

Det er ikkje første gong det går ras i området. Løvstien vart sperra i fleire dagar då det gjekk eit ras i 2018. Ein steinblokk fall då ned til stien.

RASOMRÅDET: Steinraset gjekk 400 meter ovanfor Grønnlien på sida av fjellet Løvstakken.

Nabo vakna av raset

Nils Jacob Berland bur nær rasstaden på Løvstakkssiden

VAKNA AV LYDEN: Nils Jacob Berland bur nær rasstaden på Løvstakkssiden

Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK

Nils Jacob Berland bur i nærleiken av rasområdet og vakna av raset.

– Vi høyrde ein skikkeleg sterk lyd av eit eller anna og vi kjente det rista litt, seier Berland til NRK.

Han trudde raset var lenger unna enn det viste seg å vere.

– Eg trudde det var lenger borte, men så skjønte eg at det var like her. Det har sjølvsagt rast nokre steinar, men det er ein stor voll her som skal ta imot om det er store ting som rasar ned, seier Berland.

Fleire gongar i veka går han langs Løvstien eller opp Løvstakken med hund.

– Kjem det ein verkeleg stor stein har verken eg eller andre ein sjanse, men sannsynet for at det skjer er svært låg. Eg har ikkje tenkt å ligge vaken om natta og tenke på om det skal gå eit stort ras, seier han.

Sperra populær turveg grunna frykt for fleire ras

STENGT TURVEG: Nils Jacob Berland luftar hundane i området fleire gongar i veka. No er den populære turvegen Løvstien stengt grunna frykt for fleire ras.

Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK