Hopp til innhold

Store steinar sperrar populær turistveg i Sogn

Den populære turistvegen på Vikafjellet i Sogn er stengt etter steinras. Det var i ein periode lengre køar på begge sider av rasstaden.

Steinras over Vikafjellet
Foto: Noralv Pedersen / NRK

Steinspranget gjekk omtrent ein kilometer nord for Storehaugtunnelen på Vik-sida av fjellet på riksveg 13. Vest politidistrikt melder at ingen skal vere tatt av raset.

Fjellovergangen er ein populær turistveg mellom Vik kommune og Voss herad.

Etter å ha tømt fjellet for bilar stengde bommen ved Storesvingen på Vik-sida og bommen ved Storehaugtunnelen på Voss-sida.

– Det har kome ned tre relativt store steinar på omtrent 500 kg kvar, seier Kjetil Gjøen, politibetjent på staden.

Før dei største steinane hadde kome ned i vegbana hadde fleire bilistar begynt å rydde vegbana for mindre stein. Dette påpeiker politiet at folk som kjem først på rasstadar ikkje må gjere, ettersom det alltid kan kome meir stein.

Kjetil Gjøen, Vikafjellet

JAGA FRIVILLIGE: Politibetjent Kjetil Gjøen stadfestar at frivillige hadde begynt å rydde vegen for mindre stein før dei største steinane kom ned i vegbana: – Dei såg nok ikkje farepotensialet i det, så dei fekk vi fort ut av vegen, seier han.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Den aktuelle strekninga blir kalla skreiene av bygdefolket fordi det ofte går snøskred om vinteren og steinskred om sommaren.

Politiet vil ikkje opne vegen før geolog har vurdert området. Dette kan ta fleire timar.

Christer Eide, trafikkoperatør i Vegtrafikksentralen, seier til NRK klokka 16:10 at dei endå ikkje har fått tak i geolog.

I mellomtida må reisande på strekninga mellom Vik og Voss køyre om E16 via Lærdal. Denne omkøyringa tek om lag fire timar og inkluderer to ferjeturar.

Kø mot Vikafjellet

LANGE KØAR: På begge sidene av raset var det lenge lange køar.

Foto: Noralv Pedersen / NRK