Entreprenøren til vegstellet er på staden. Vegen blir ikkje opna før eventuell rasfare er vurdert.
Politiet opplyser at det har kome ned fire-fem steinar på kring 1,5x1,5 meter. Ein geolog er venta til staden klokka 17.
– Eg kom rett etter raset skjedde. Det har kome 3–4 steinar, seier taxisjåfør Erik-Ove Kjørslevik.
Flyg inn geolog
LANGE KØAR: Det har danna seg lange køar på begge sider av steinspranget.
Foto: Mats BrunsvikStatens vegvesen opplyser at ein geolog kjem til staden i helikopter klokka 17. Han har med seg klatrarar som skal sjå og vurdere rasstaden.
Før politiet kom til staden køyrde bilistar på gang- og sykkelsti gjennom rasområdet. Dette åtvarar politiet sterkt mot.
– Eg snakka med entreprenørane. Dei sa det truleg vert stengt eit par timar, til ein ekspert har kome å sett på det, seier Kjørslevik.
50 rasfaste elevar
10.-klassingen Preben Halnes frå Raudeberg er blant 50 skuleelevar som vart ståande fast grunna steinspranget. For han vart morfaren til ein kamerat løysinga.
– Nokre er allereie henta i båt, medan eg og nokre andre ventar på å bli henta. Andre har fått beskjed om å gå tilbake til bussen. Det er ikkje behageleg å stå her å vente i timevis før vi kjem oss heim att, seier han.
– Skummelt
SLEPPOMRÅDE: Det er uvisst om ein må reinske vekk meir stein før ein kan opne vegen att.
Foto: Statens vegvesenMats Brunsvik er dagpendlar på strekka. Då NRK.no snakka med han like før klokka 15 sat han 150 meter frå steinspranget. Då stod 30–40 bilar i kø på Raudeberg-sida.
– Eg pendlar forbi fleire gonger dagleg, men eg har aldri kjend meg utrygg, seier han.
Det har tidlegare gått steinras mellom Måløy og Raudeberg, og det blir no utført rassikringstiltak i fjellsida. Steinspranget skal ikkje ha gått i arbeidsområdet.
– At det går eit steinsprang no er litt skummelt, men vi får håpe dei følgjer opp og ser over heile området så vi har ein sikker og trygg veg til og frå jobb, seier Brunsvik.
Set opp passasjerbåt
Statens vegvesen opplyser like før klokka 16 at dei vil setje opp passasjerbåt mellom Måløy og Raudeberg.
Båten vil gå frå Måløy klokka 17, 17.30 og 18. Frå Raudeberg vil den gå klokka 17.15, 17.45 og 18.15.