Hopp til innhold

Vakna opp til julestemning – vintervêr gir utfordringar på fjellet

Snø og dårleg vêr gir utfordringar på fjellovergangane. I Sogn og Fjordane planlegg folk å feire 17. mai med ski på beina.

25 centimeter snø Jølster 16.05.2020

JØLSTER: Det kunne vore eit bilete frå vinteren, men kalenderen viser 16. mai 2020. Kåre Olav Gjesdal må bruke føremiddagen til å brøyte snø.

Foto: privat

– Det vart mykje meir enn det eg hadde trudd, seier Kåre Olav Gjesdal.

Han vakna opp til noko som minna meir om eit julekort enn 17. mai-vêr.

– Vi målte 25 centimeter med nysnø, rett utanfor døra, fortel han.

Jølstringen bur på Vassenden i Sunnfjord kommune. Eit område du i mai ser for deg med grøn innmark, bjørka som spring ut og berre restar av snø på fjelltoppane.

At dei store snømengdene hadde kome over natta, i midten av mai, var for fleire vanskeleg å forstå.

– Dottera mi trudde jo ho hadde sove til heilt ut på hausten, seier Gjesdal.

Snø Jølster

RYDDE SNØ: Kåre Olav Gjesdal treng ikkje klippe plenen til 17. mai, men han måtte finne fram traktoren for å rydde snø.

Foto: privat

Venta mykje snø i store deler av landet

Også fleire stader i landet er det varsla snømengder 17. mai-helga.

Meteorologisk institutt har sendt ut farevarsel om mykje snø for store deler av landet.

Ved Sogn skisenter Hodlekve er driftssjef Kim Andre Navarsete travel oppteken med å rydde vekk nysnøen.

– Det var jo som å vakne opp i juletidene, seier han.

Der har det over natta kome fem centimeter med snø, enkelte stader meir.

No førebur dei seg på storinnrykk på sjølvaste 17. mai.

– Det er vel første gong vi har ope på 17. mai, så vi skal pynte med flagg.

Sogndal Skisenter Hodlekve

LANG SESONG: – Vi har målt 2,35 meter med snø på 800 meter her, så det er mykje snø i fjellet, seier driftssjef Kim Andre Navarsete. Dei skal halde ope til og med neste helg.

Foto: Sogndal skisenter hodlekve

Ikkje berre glede

Vêret er ikkje berre til glede, for fleire fjellovergangar er stengde.

Rv. 7 Hardangervidda, E134 Haukelifjell, rv. 15 Strynefjellet, fv. 50 Hol-Aurland, fv. 53 Tyin-Årdal og rv. 15 Vikafjellet er alle stengde grunna dårleg vêr.

– Det ser ut til å vere bart på E16 Filefjell og rv. 52 Hemsedalsfjellet, seier Ketil Molvær ved vegtrafikksentralen.

Han seier det er store lokale variasjonar, og at dei fleire stader i Sogn og Fjordane har måtte kalle ut brøytemannskap.

– Vi har kalla ut brøytemannskap blant anna til E39 Våtedalen og fv. 614 Magnhildskaret, seier Molvær.

Han ber alle som skal ut å køyre om å ta det roleg. Dei har fått meldingar at også bilar med piggfrie vinterdekk har utfordringar.

– Køyr forsiktig, ta det med ro.

Hardangervidda 16.05.2020

DÅRLEG VÊR: Slik ser det ut på rv. 7 over Hardangervidda laurdag føremiddag.

Foto: webkamera / statens vegvesen

Låge temperaturar

– Det er uvanleg, men det er ikkje slik at det aldri har skjedd, det fortel statsmeteorolog, Lars Andreas Selberg.

Han fortel vêret skuldast eit lågtrykk som tidlegare i veka låg over Finnmark.

– No ligg det over Trøndelag, og sender byevêr sørover.

Gjennom helga vil det kunne kome snø heilt ned til 200 meter, og i indre strok av Vestlandet blir det kanskje snøvêr heilt ned.

– Det vil halde fram i morgon, men snøgrensa vil truleg gå oppover, og etter kvart vil byene minke og forsvinne, fortel meteorologen.

Ifølgje meteorologen betyr det at vi kanskje får sjå litt sol på slutten av dagen.

På Jølster nyttar dei høvet når snøen først er komen. Der blir det årlege barnetoget bytta ut med skitur.

– Vi tenkte vi skulle ta på oss bunaden og finne fram randonee-skia, så blir det skitur i morgon, flirer Gjesdal.

Snø Jølster

25 CM: Rett over 25 centimeter med snø kunne Kåre Olav Gjesdal måle i dag tidleg.

Foto: privat