Hopp til innhold

Store skadar etter at semitrailer køyrde av vegen

Ein semitrailer køyrde av vegen på fylkesveg 60 mellom Loen og Olden. Føraren er sendt til legesjekk.

Ulukke

FYLKESVEG 60: Det var mellom Loen og Olden at ein semitrailer køyrde av vegen.

Foto: NRK-TIPSAR

SISTE 17.00: Trafikken blir dirrigert på staden medan berging av lastebilen pågår. Vegen vil truleg vera ferdig rydda klokka 19.

Politiet sin operasjonssentral i Florø melder om store materielle skader på køyretøyet etter at ein semitrailer køyrde av vegen ved Avleinsvika på fv. 60.

– Det er snakk om mindre personskadar på føraren. Han er sendt med ambulanse til lege i Stryn. Føraren er avhøyrt og det er ikkje mistanke om rus, seier operasjonsleiar ved politiet sin operasjonssentral i Florø, Kai-Henning Myklebust.

Det var berre semitraileren som var involvert i ulukka. Politiet melder om at det er passasje på staden, men at vegen kan bli stengd under bilberging.

Alle naudetatane rykka ut til trafikkulukka.

Semitrailer, utforkøyring mellom Loen og Stryn

BERGING: Semitraileren stod bom fast, og måtte ha hjelp frå bergingsbil for å kome seg på vegen att.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK