Hopp til innhold

Straumen tilbake etter eit døgn

Ekstremvêret har gjort store skadar på infrastrukturen i fylket. Nokre kommunar har no vore utan straum i eit døgn, men ting er på betringens veg.

Ninas herjing på Sletteneset i Fana

Herjingane frå stormen har sett sine spor. Her frå Sletteneset, ikkje langt unna Flesland.

Foto: Cato Kristensen / NRK

Oppryddingsarbeidet etter ekstremvêret «Nina» er i full gong søndag. BKK, kraftlag og kommunar jobbar på spreng for å få ting tilbake til det normale. Men det vil ta tid.

Søndag kveld er det 9 000 husstandar tilknytt BKK som er utan straum i Hordaland. Når stormen herja på sitt verste laurdag, var talet over 28.000.

Det er Hordaland som er hardast råka, men også i Rogaland har det vore meldt om mange straumutfall.

Vore utan straum i eit døgn

Ninas herjing i Skuteviken

SKUTEVIKEN: Herjingane frå stormen har sett sine spor i Skuteviken i Bergen sentrum.

Foto: Cato Kristensen / NRK

Tysnes kommune er nesten heilt utan både straum og telefoni søndag. Når NRK snakkar med Tysnes-ordførar Kjetil Hestad søndag, har han reist heilt nord på Tysnes for å få dekning på mobilen.

– Eg får signal frå Os eller ein anna stad rundt der. Så der er det ei antenne som bergar oss litt. Men mange er heilt utan både mobil- og fasttelefondekning, fortel Hestad klokka 14.30.

Han fortel at «Nina» trefte hardt.

– Det var brutalt. No har vi vore utan straum her på Tysnes i eit døgn. Vi veit ikkje når vi får straumen attende, men kraftlaga jobbar på spreng.

Straumen tilbake i Austevoll

Også på Austevoll har dei vore utan straum i nesten eit døgn, men klokka 15.30 kjem det gode nyheiter frå Sunnhordland kraftlag.

- Vi har fått skøyta linja til Austevoll og gjenoppretta forsyninga der. Så då skal Austevoll ha fått tilbake straumen sin, fortel Anne Gro Fiveland i kraftlaget.

Ho fortel at det også på Tysnes snart vil vera straum igjen.

- Vi håpar at det er gjenoppretta i løpet av kort tid, men torer ikkje lova noko. Vi har rydda linjene og skal prøvekopla.

I Lindås er det også mange utan straum. Vaktnummera til kommunen finn du her.

Full beredskap

Både på Austevoll og Tysnes er kommunane i full beredskap.

– At straumen er vekke skapar problem for fleire. Dei som treng legehjelp kan ta seg fram til Tysnes sjukeheim, der vi no har legevakt.

Dei som treng tilsyn frå lege i Austevoll, får moglegheit til det på Austevoll PO-senter.

– Vi har samla legetenestene der. Bebuarar på omsorgsbustader vert òg flytta over til PO-senteret, der det er varme, seier ordførar Renate Møgster Klepsvik.

- Kan ta tid før straumen er attende

Tonny Nundal i BKK

Konserndirektør Tonny Nundal i BKK.

Foto: Jon Bolstad / NRK

BKK vil bruka helikopter i arbeidet for å få oversikt og for å få reparert skadane i Hordaland.

– Me vil prøve å få ei totaloversikt på skadeomfanget, og jobbar så raskt som mogeleg for å få inn att straumnettet. Det er ekstremt store skadar rundt omkring, og det er store tre som har ramla over linjene, og linjer har blåse ned, seier konserndirektør Tonny Nundal i BKK.

– Ein god del kundar må nok belage seg på at det framleis kan ta ei god stund før straumen er attende.

Klokka 14.00 er det 12.500 kundar utan straum i fylket. Nundal fortel at Nordhordland også har vore hardt råka.

– No skal straumen vera tilbake i Fedje, medan vi framleis jobbar i Austrheim.