Hopp til innhold

Her har sju eigedommar fått store skader etter uveret

Sju eigedommar i Vetlefjorden har fått skader etter uveret for litt over ei veke sidan. I dag har takstmenn sett på skadene.

Uveret gjorde stor skade fleire stader i Sogn og Fjordane. I Vetlefjorden i Balestrand blei det omfattande skader på fleire bøar då skred kom nedover fjellsidene. På ein bø forsvann marka i store krater.

Tidlegare lensmann Atle Førde er hyra inn av poltiet som konsulent. Saman med to takstmenn skal han vurdere sju eigedommar i Vetlefjorden.

– Så langt i dag har vi gått gjennom skadane hos tre grunneigarar. Vi har vel fire igjen her og brukar nok dei to dagane som er sett av. I tillegg er det eit par saker i Esefjorden og Sværefjorden. Vi endar truleg opp i ni saker som blir sendt over til Naturskadefondet.

Fryktar mykje nedbør

Ein grunneigar fekk omfattande skader då store delar av bøen forsvann. Igjen stod digre krater. Dette er ein av eigedommane Førde og takstmennene har sett på i dag.

– På den eigedommen har vi fått ei tilråding frå NVE. Denne legg vi til grunn når det gjeld kostnader og kva som må gjerast for å reparere området.

Førde seier det ikkje har rasa ut særleg mykje meir, og at det verkar stabilt med det vêret som er no. Men frå tysdag er det venta store nedbørsmengder i heile fylket.

– Mykje nedbør kan sjølvsagt få følgjer sidan det er eit ope sår i landskapet med ustabil masse. Det er morenejord og ei blanding av mellom anna sand, grus og leire. Det er ingenting som bind massen i dei steile skråningane, seier han.

(Artikkelen held fram under videoen)

Bonde fortvila over stor krater

FORTVILA: Bonden er fortvila over dei store kratera som dukka opp etter uveret. Foto: Alf Vidar Snæland

Vil ikkje ut med summar

Andre stader har det komme mykje masse ned fjellsidene og dette har lagt seg på dyrka mark, tetta grøfter og røyr og lagt seg i elvefar. Nokre av skreda har kome nær hus, utan at det har blitt skader på dei.

Førde vil ikkje ut med kva summar det er snakk om, fordi det er ei sak mellom grunneigar og fondet.

– Vi skal rekne ut kva det vil koste å reparere alt dette og så sende ein rapport til Naturskadefondet. Den blir truleg sendt om to-tre veker. Deretter tek Naturskadefondet stilling til om grunneigarane får erstatning eller ikkje, seier han.

Sist det var så omfattande skader, var for snart to år sidan då uveret Dagmar herja.

– Dette er slikt som skjer når det er ekstremvêr. Då kan det bli store skader, seier han.