Hopp til innhold

Dette blodige synet vil dei ikkje oppleva igjen – flyplass vil bruka hagle mot trekkfugl

Flyplassen har søkt om lov til å ta livet av fuglearten rugde for å skremme ho vekk. – Har absolutt ingen effekt, svarar fugleekspert.

Fly treft av rugde. DAT

BLODFLEKKAR: Det var blodig på flykroppen etter at flyet hadde køyrt inn i fleire rugdefuglar under landing på Stord lufthamn, Sørstokken.

Foto: Stord lufthamn, Sørstokken

Det vart eit blodig møte for flyet som 8. desember 2019 landa på Stord lufthamn, Sørstokken.

Under landinga trefte flyet frå DAT fire fuglar, som mellom anna gjorde at eit propellblad fekk ein sprekk. Det aktuelle flyet måtte parkerast, og nytt fly måtte komma frå København.

Fleire timar forseinka kom passasjerane seg av garde.

På biletet ser ein at det kvite skroget har fått store blodflekkar etter møtet med fuglane.

Venge skadd av fugl.

KRAFTIG KOLLISJON: Eit av propellblada fekk store skadar etter samanstøyten med rugde.

Foto: Stord Lufthamn, Sørstokken

Vil gå drastisk til verks

Dei siste tre åra har det vore til saman 2146 tilfelle av såkalla «bird strike», altså kollisjon med fuglar, på norske flyplassar. Rugda står berre bak to av disse tilfella.

No går flyplassen på Stord til kamp mot arten som trefte flyet denne dagen i 2019, nemleg rugda.

«Me har i åras løp prøvd skremma bort fuglane med høvesvis sirene, vasskanon, knallskot samt hyppige patruljeringar med bil utan hell.»

Det heiter det i eit brev utrykkingssjef Finn Are Maraas ved flyplassen sende til det felles landbrukskontoret for Stord og Fitjar kommunar.

Rugde

GLAD I MARK: Fuglen rugde er glad i meitemark, som den finn i fuktig skogbotn. Auga er spesielle og gjer at fuglen kan sjå 360 grader. Den stolar på kamuflasjen sin, og ligg ofte godt gøymd i skogen.

Foto: Wikimedia Commons

Det var avisa Sunnhordland som først omtalte denne saka.

Rugda er ein tettbygd og opptil 35 cm lang fugl med langt nebb, som kan gjera mykje skade om den treffer eit fly.

Denne gongen vil dei gå meir drastisk til verks, og rett og slett skyta rugdene.

– Me har hagla ståande, og har kvalifisert personell til å ta seg av den biten, fortel Maraas.

Finn Are Maraas, utrykkingsleiar på Stord flyplass, Sørstokken.

FÅTT KLARSIGNAL: Utrykkingssjef Finn Are Maraas har fått tommel opp av landbrukskontoret til å skyta rugdefuglane.

Foto: Olav Røli / NRK

– Har absolutt ingen effekt

I svaret frå landbrukskontoret heiter det at skyting er heilt greitt, sidan det er ordinær jakttid på rugde fram til veslejulaftan.

– Førebels har me ikkje sett så mange rugder, men det har tidlegare vore eit stort problem, og me ynskjer å ha vårt på det tørre i tilfelle me treng å skyta dei, seier utrykkingssjefen.

Rådgjevar Frode Falkenberg i BirdLife Norge (tidl. Norsk ornitologisk foreining), seier fugl og fly er eit evig problem. Det er nytt for han at rugda er eit problem.

– Eg tykkjer det er litt overraskande at akkurat denne fuglearten er eit problem, men det har nok ein del med den geografiske plasseringa av flyplassen. Vestlandet, og spesielt Sunnhordland/Rogaland, har ein god vinterbestand av rugder, seier han.

Falkenberg trur heller ikkje at å skyta rugda kjem til å ha ønsket effekt.

– Det har absolutt inga effekt. På denne tida av året vil det uansett vere stor gjennomtrekk av fuglar i trekktida, før det minkar av seg sjølv utover vinteren, fortel ornitologen.

Frode Falkenberg i Norsk Ornitologisk forening meiner det er heilt unødvendig å skyta rugder, og at det ikkje vil løysa problemet.

IKKJE VITS: Frode Falkenberg i Norsk Ornitologisk foreining meiner det er heilt unødvendig å skyta rugder, og at det ikkje vil løysa problemet.

Foto: Birdlife.no