Hopp til innhold

Heilt ny kristen skule har berre 16 elevar: – Ville vore skeptisk til å sende ungane mine hit

Stord Kristne Skule får elevar frå 1. til 7. trinn, men berre to små klassar. Lokale politikarar, og ekspertar på læringsmiljø, reagerer kraftig på at det er lov å opprette så små skular.

Stord Kristne Skule

INNFLYTTINGSKLAR: 16. august skal brakkeskulen på Vabakken på Stord stå klar for å ta imot dei 16 elevane.

Foto: Eli Bjelland / NRK

16. august opnar ein ny skule i øykommunen Stord i Vestland.

Skulen er godkjent for 150 elevar.

Men ved skulestart er det berre 16 elevar spreidde frå 1. til 7. trinn.

Ekspertar og lokalpolitikarar spør seg no om kor få elevar som er forsvarleg å ha på ein skule.

– Det er ein del foreldre på Stord som lenge har ønskt seg ein skule der det er mogleg å snakka om kristen tru, seier rektor Ole Henry Halleraker.

Rektor Ole Henry Halleraker på Nattland skole

STERKT ØNSKA: Ein barneskule med kristen forankring har vore sakna på Stord, ifølge rektor Ole Henry Halleraker. Arkivfoto.

Foto: Runa Victoria Engen / NRK

Meiner grensa burde vore dobla

Friskulelova opnar for nettopp det. Minstekravet er at skulen har 15 elevar. Dersom ein skule har færre enn 15 tre skuleårpå rad, fell godkjenninga vekk.

– Når det er så få elevar på ein skule, blir moglegheita for å finna ein nær ven liten. Vener på same alder er noko av det viktigaste for ungar på ein barneskule, seier Thomas Nordahl, professor i pedagogikk ved Høgskolen i Innlandet.

– I dette tilfellet er retningslinene sette for lågt. Det er store utfordringar med å etablera gode læringsmiljø i skular med så få elevar, meiner professoren.

Nordahl hadde helst sett at minstekravet var dobla, til minst 30 elevar.

Rektor Halleraker vedgår at det er utfordrande å starta ein skule med 16 elevar, men avviser at det er eit problem.

– Dette gjer det blant anna mogleg for oss å ta ekstra godt vare på dei som er litt sjenerte og trekkjer seg unna.

Skoleforsker Thomas Nordahl

KRITISK: Professor i pedagogikk ved Høgskolen i Innlandet, Thomas Nordahl.

Foto: Vilde Helljesen / NRK

Fleire privatskular og færre offentlege skular

– Som forelder ville eg vore veldig skeptisk til å senda ungane mine til ein skule med så lite elevgrunnlag, seier Marte Mjøs Persen (Ap).

Ho er ordførar i Bergen, og førstekandidat til Stortinget for Arbeidarpartiet i Hordaland.

– Regjeringa har ideologiske skylappar når det gjeld private friskular. Her blir det oppretta eit tilbod for så få at eg ikkje trur kvaliteten på det faglege og sosiale læringsmiljøet er godt nok, seier Persen.

Talet på private skular auka med nesten 62 prosent frå 2010 til 2020, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

Samstundes går talet på offentlege skular ned. Små skular er mest utsette når lokalpolitikarane skal spara pengar, og få elevar blir ofte trekt fram som grunn.

Ordfører i Bergen, Marte Mjøs Persen under bystyret i april 2019

– IDEOLOGISKE SKYLAPPAR: Arbeidarpartiet sin førstekandidat i Hordaland Marte Mjøs Persen.

Foto: Simon S. Brandseth / NRK

Stadig fleire småskular blir lagde ned

Lokalpolitikarane har ikkje same makt over private friskular.

Knut Arve Nordfonn er opptatt med å ferdigstilla eit av klasserommet når NRK er innom. Om knappe to veker skal han vera ein av tre lærarar på skulen.

Han er også far til to av elevane.

– Det trur eg kjem til å gå veldig bra. Me har moglegheit til å visa og hjelpa elevane betre enn i store klassar, meiner han.

Det er Utdanningsdirekoratet som godkjenner skulane. Skular som får avslag, kan klaga til Kunnskapsdepartementet.

– Lokalpolitikarane bør ha moglegheit til å påverka det samla skuletilbodet i kommunen, meiner Persen.

Statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Anja Johansen

STATSSEKRETÆR: Anja Johansen (V) i Kunnskapsdepartementet

Statssekretær Anja Johansen (V) i Kunnskapsdepartementet viser til at kommunar får høve til å uttale seg når private skular søker om godkjenning. Ho er ikkje uroa for at slike skular blir for små.

– Det er ulike oppfatningar av om det er gunstig eller ikkje med få elevar. Nokon meiner det er gunstig å ha eit større miljø rundt seg både pedagogisk og sosialt, medan andre, også skuleforskarar, vil seie det motsette. Så her er det rett og slett ulike syn.

Torsdag 5. august fekk Stord Kristne Skule den endelege godkjenninga av skuleanlegget. Dermed blir skulen etter alt å døma klar før oppstart.