Lakseeksport skulle sikra kommunen store inntekter – i staden sit dei igjen med milliongjeld

Kommunen vart lova skytteltrafikk med fersk laks frå Vestlandet til England om dei bygde ny kai. Men prosjektet fall i fisk, og no seier Kystverket nei til å betala ut støtte til reiarlag.

I biletet ser me den nye kaien til Stord kommune, som skulle sikra transport av fersk laks frå Vestlandet til London.

NY KAI: Ein stor djupvasskai, med lengde på 145 meter og djupne på 10 meter, skulle sikra lakseeksport frå Noreg til England. Men framleis har ikkje laks vore frakta herifrå.

Foto: STORD KOMMUNE

– Situasjonen er sjølvsagt keisam, seier hamnesjef i Stord kommune, Inge Espenes, til NRK.

I september stod nemleg ein splitter ny djupvasskai ferdig på Eldøyane i Stord kommune, sør for Bergen.

Prislappen var 50 millionar kroner, som kommunen betalte gjennom å ta opp lån.

Kystverket seier nei

Kaien skulle vere for containerskip, som skulle ta med seg fersk laks frå Vestlandet til England.

– Det var snakk om avgangar to gonger i veka, seier Espenes.

Føremålet var å flytta transport av fisk frå veg, som er mest vanleg i dag, og over til sjø.

Med tilsegn om 25 millionar kroner i støtte frå Kystverket planla reiarlaget NCL ei direkterute sjøvegen mellom Stord på Vestlandet og London med fersk laks.

Men etter berre nokre månader, og før Stord kommune hadde klar kaien sin, stansa ruta opp.

No seier Kystverket nei til å betala ut stønadssummen på 24,8 millionar kroner til NCL.

Både Sunnhordland og Stord24 har skrive fleire artiklar om kaien.

Salmar laksetransport

VANLEG: Med trailer vert mesteparten av dei 940.000 tonna med laks frakta frå Noreg og til Europa. Her er lasting ved Salmar sitt hovudanlegg på Nordskag Frøya.

Foto: Linda Bjørgan / NRK

Avgjerande for investering

Politikarane i kommunen var positive, og røysta for å ta opp lån slik at lakseruta fekk eit skikkeleg kaianlegg.

– Dette er ei kai som har vore planlagd i lang tid, sidan kapasiteten på Stord er for liten. Men den utløysande årsaka var laksetransporten, seier ordførar på Stord, Gaute Straume Epland (Ap) til NRK.

– Kva tenkjer du om at det ikkje vart noko laksetransport?

– Det er uheldig at det vart framstilt som noko som var klart, og at det hasta med å få bygd kaien. Samstundes er eg ikkje i tvil om at me vil få inntekter frå kaien på andre måtar, seier Epland.

POSITIV: Hamnesjef Inge Espenes i Stord kommune er positiv for kaia si framtid, trass i at lakseeksporten fall i fisk.

POSITIV: Hamnesjef Inge Espenes i Stord kommune er positiv for kaia si framtid, trass i at lakseeksporten fall i fisk. Då NRK vitja kaien denne veka, var kaien i bruk av Viking Energy.

Foto: Olav Røli

Sigbjørn Framnes i Stord Frp er positiv, og kallar det ein flott kai. Men til ein altfor stor eigendel for kommunen.

– Me må ha mykje næringsverksemd for at dette skal løna seg, og skuffelsen kjenner eg godt på, seier han.

Marknaden kollapsa

Martin Torkelsen, kommersiell sjef i NCL, ynskjer ikkje å kommentera kaibygginga til Stord kommune, utover at NCL la fram dei tankane og planane dei hadde.

Han til NRK at det er fleire årsaker til at lakseruta ikkje vart den suksessen dei hadde håpt på.

– Korona har gjort marknadssituasjonen i Storbritannia vanskeleg over tid. I tillegg har korona og Brexit gjort det særs krevjande å halda eit tilbod i gang, seier han.

Brexit og sjåførmangelen

Vidare peikar han på kraftig auke i prisar for containerleige.

– Frå i fjor haust til i mai i år frakta me ein del laks på båt frå Stord til England. Men situasjonen i marknaden gjorde at me måtte setja det på pause. Budsjettet hadde firedobla seg og det var ingen ledige skip i marknaden, seier Torkelsen.

Dei har likevel ikkje gjeve opp å få til transport av laks sjøvegen.

– Når marknaden vert normal igjen vil me freista å starta opp igjen så snart som mogleg, seier Torkelsen.