Kommunen fortvilar: Har for mange barnehagar, men kan ikkje røra dei private

STORD (NRK): Borna i Furuly har skikkeleg uflaks når kommunen må spara pengar. Dei går nemleg i ein kommunal barnehage.

Tiril Breidvik Røstbø, Daniel Gaustad og Edvin Ekegren i Furuly barnehage på Stord.

SISTE ÅRET: Tiril Breidvik Røstbø, Daniel Gaustad og Edvin Ekegren blir alle seks år og byrjar på skulen til hausten. Då kan også barnehagen bli lagt ned.

Foto: Eli Bjelland / NRK

– Me som har born her i Furuly er sinte, frustrerte og skuffa, seier Sigrunn Ljosland.

Ho har ein tre år gamal son i den kommunale barnehagen Furuly, og om få veker kjem veslebror til verda.

Men Stord har fått eit skikkeleg barnehageproblem: Dei har for mange barnehageplassar. No må finna ein måte å ta bort 50 av dei.

13 av 17 barnehagar på øya barnehagar er private, men kommunen har berre lov til å legga ned kommunale plassar.

Lova fredar nemleg private barnehagar, trass i at kommunen finansierer dei.

– Guten vår blir riven vekk frå kameratar, veninner og dei trygge vaksne han er blitt kjent med viss barnehagen blir lagt ned, seier Ljosland.

Sigrunn Ljosland er ein av foreldrene som kjempar for at Furuly barnehage ikkje blir lagt ned.

FRYKTAR NEDLEGGING: Sigrunn Ljosland har ein son i Furuly, og fryktar at barnehagen blir lagt ned.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Vil kutta hos private

Furuly barnehage er ein av berre fire kommunale barnehagar som endar opp med å ta heile støyten når kommunen må kutta 50 barnehageplassar.

– Eg ville helst ha kutta i dei private barnehageplassane viss me hadde hatt høve til det, seier ordførar Gaute Epland (Ap).

Og Stord kommune er ikkje aleine.

KS, som er organisasjonen for kommunesektoren, seier det er mange kommunar som er i same situasjon.

– Kommunane har full plikt til å vera med og finansiera dei private barnehagane, men dei har ikkje same moglegheit til å styra dei, seier Helge Eide, som er områdedirektør for interessepolitikk i KS.

Åsa Oma Røstbø speler gitar på samlingsstund i Furuly barnehage.

SAMLINGSSTUND: Åsa Oma Røstbø hadde sin første arbeidsdag i Furuly for 40 år sidan. No kan ho mista arbeidsplassen sin.

– Søkjarlistene må avgjera

Private barnehagers landsforbund (PBL), meiner foreldra sjølv avgjer kva barnehagar som overlever.

– Viss ikkje private barnehagar får nok søknader, har dei heller ikkje grunnlag for å driva, seier Anne Lindboe, som er leiar i PBL.

I Stord kommune er alle barnehagane fulle. Barn utan krav på plass, har fått plass. I tillegg er det venta at færre barn har krav på plass til hausten.

– I slike tilfelle burde nok kommunen ha venta med å sjå søkjarlistene etter 1. mars før dei vedtok kutt. Viss dei kommunale barnehagane blir fylte opp, er det kanskje ein privat som ikkje klarer seg, seier Lindboe.

Regjeringa jobbar med endringar i barnehagelova. Eit lovforslag skal sendast til Stortinget i løpet av våren.

Håpar på ei anna løysing

I Furuly og dei andre kommunale barnehagane på Stord kjempar dei vidare for at politikarane skal snu på kommunestyremøtet torsdag.

– Eg håpar dei tek til vit og finn ei anna løysing, seier barnehagemamma Sigrunn Ljosland.

Ordførar Gaute Epland held fast på at dei må kutta barnehageplassar.

– Dette er ei krevjande sak å stå i som lokalpolitikar. Barnehagar som står i fare for nedlegging vekkjer mange kjensler og stort engasjement.

Gaute Epland

VIL KUTTA PRIVATE: Ordførar Gaute Epland er frustrert over at kommunen ikkje kan styra talet på plassar i private barnehagar.

Foto: Marte Rommetveit / NRK