Hopp til innhold
Brann Lone dra forsida, brannvesen slukker mot den overtente blokken
Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Storbrann på Lone i Bergen

Oppsummert

Natt til lørdag 7. august brøt det ut brann i en kommunal boligblokk på Lone i Arna bydel i Bergen. Da brannvesenet kom frem var hele den fireetasjes blokken overtent. Tre personer ble senere siktet i saken.

  • Politiet opnar ikkje ny etterforsking etter storbrann

    I fjor haust la politiet bort etterforskinga etter storbrannen på Lone i august 2021. Tre personar hadde status som mistenkte, men politiet kom aldri til botns i brannårsaka eller kven som eventuelt stod bak.

    I pressemeldinga skreiv politiet at dei ville vurdera å starta etterforsking mot nokon av aktørane som var involverte i planlegginga, prosjekteringa og oppføringa av bygget.

    Som NRK har omtalt, og som både forsikringsselskapet og eit uavhengig firma har slått fast, bidrog fleire av løysingane til at brannen blei så omfattande.

    Ein fersk rapport frå forskingssenteret FRIC peikar på fleire uheldige bygningsval og brot på byggeforskrifta. Rapporten, som var laga med mål om å læra av brannar i Noreg, tok ikkje stilling til spørsmål om sivilrettsleg eller strafferettsleg skuld og ansvar.

    Etter å ha gått gjennom denne rapporten, har Vest politidistrikt no bestemt seg for å legga bort saka for godt.

    – Rapporten er ein grundig forskingsrapport, og formålet er først og fremst å visa læringspunkt for igjen å redusera risiko for alvorlege branntilløp. Men ut frå innhaldet i rapporten finn ikkje politiet grunn til å starta etterforsking mot nokon av aktørane som har vore involvert i plan- eller bygningsprosessen, opplyser politiadvokat Are Nygård Bergh i Vest politidistrikt til NRK.

  • Sikta for falsk forklaring

    Onsdag blei ein mann pågripen og sikta for å ha gitt falsk forklaring i saka som gjeld brannen på Lone i Arna 7. august. Han blei avhøyrt og erkjente at han tidlegare hadde gitt uriktige opplysingar. – Me vil ikkje kommentera saka utover det, seier politiadvokat Are Nygård Bergh til NRK. Mannen er ikkje blant dei som har status som mistenkt for å ha forårsaka brannen. Politiet har gjennomført svært mange avhøyr, både av bebuarar og vitne, skriv dei i ei pressemelding. Politiet jobber fortsatt med å finne brannårsaka. I tillegg gjer brannvesenet og Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap undersøkingar for å finna ut kvifor brannen utvikla seg så raskt.

    Brann Lone i Arna, tett på, viser bare betongen står igjen i de kraftige flammene
    Foto: Even Norheim Johansen / NRK
  • Har ikkje funne brannårsaka

    Politiet jobbar framleis med fleire ulike teoriar om kva som starta storbrannen i ei bustadblokk på Lone i Bergen. Ein harddisk med opptak av videoovervaking frå bygget er no henta ut, opplyser politiet til NRK. Dei ber framleis publikum om tips.

    Totalt utbrent boligblokk i fire etasjer, fotografert fra luften, på Lone i Bergen
    Foto: Odd Arne Olderbakk / NRK
  • Forsvaret koblet inn i Lone-brannen

    Personell fra Forsvarets minedykkerkommando er koblet inn i etterforskningen av storbrannen på Lone i Arna. Forsvaret bekrefter at de er bedt av politiet om å bistå i etterforskningen, og to personer ankom brannstedet i dag.

    De to skal lete etter bilder fra videoovervåkningen i bygget. Bildene ligger lagret på utstyr som ennå ikke er hentet ut av ruinene.

    – Det er for farlig å ta seg inn i bygget. Derfor har vi kontaktet Forsvaret for å gjøre undersøkelser inne i bygget for å søke etter etter videomaterialet. Det er svært ønskelig å få tak i dette utstyret til videre etterforskning, sier politiadvokat Are Nygård Berg til NRK.

    I tillegge er en spesialtrent hund fra Kripos på branntomten i dag, og søker etter rester av tennbar væske.

    Person fra Forsvaret klargjør robot som skal søke gjennom brannruiner
    Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK