Hopp til innhold

Storbønder seier dei vert gløymde av sine eigne

Storbønder kritiserer Bondelaget. Torsdag legg staten fram sitt tilbod til bøndene.

Rune Hovden

STOR, STØRRE, STØRST: Rune Hovden har 100 kyr i Stongfjorden i Askvoll. Det lønner seg mindre enn å ha eit lite eller mellomstort gardsbruk, meiner han.

Foto: NIKOLAI AKSE HELGÅS / NRK

Torsdag presenterer staten sitt tilbod i jordbruksforhandlingane.

Kravet frå bondeorganisasjonane, som vart lagt fram i førre veke, er på rekordhøge 11,5 milliardar kroner.

Men i Stongfjorden i Askvoll meiner Rune Hovden at dei største bøndene vert gløymde av Bondelaget.

I fjøsen hans går det 100 kyr, og mjølkekvoten hans ,900 tonn, er blant dei tre største i heile Vestland.

Vi som er store kjem veldig dårleg ut av oppgjeret, seier han til NRK.

Han legg til:

– Bondelaget bør ta vare på alle bøndene. Men det er dei små og dei mellomstore som blir prioriterte.

Flatt tillegg

Eitt døme er at alle mjølkebønder får 125.000 kroner i tilskot, uansett om dei har 8 eller 80 kyr i fjøset.

I årets oppgjer ønskjer Bondelaget å plusse på 150.000 kroner til alle, uavhengig av storleiken.

– Dei som produserer mat og har bygd nye fjøsar, kjem veldig dårleg ut. Det er vi som er store som har dei store ekstrakostnadene, seier Hovden, og viser mellom anna til auka kostnader på gjødsel og drivstoff.

Han er ikkje den einaste storbonden som er kritisk til Bondelaget.

Sverre Leikanger på Stadlandet har varsla at han sender 300 dyr til slakt med mindre med mindre landbruksavtalen «vert veldig god».

Landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp) har kalla årets oppgjer sin «viktigaste eksamen».

– Norske matprodusentar har opplevd kostnadtsunamier på ein rekke innsatsfaktorar, seier ho til NRK.

Sandra Borch under lamminga. Mai 2021.

EKSAMEN: Landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp) har kalla årets oppgjer sin «viktigaste eksamen».

Foto: Martin Mortensen / NRK

Dei store får mindre tilskot per dyr

Bak fordelinga mellom små og store bønder ligg tanken om at dei som driv stort ikkje treng så mykje tilskot per dyr fordi dei kan hente ut meir pengar i marknaden.

I tillegg slår stordriftsfordelar inn.

– Dei store skal kunne ta ut meir i marknaden. Det er slik systemet er bygd opp, seier Eli Berge Ness, som er politisk nestleiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

Lars Johan Rustad er avdelingsleiar ved forskingsinstituttet Nibio. Han minner om at produksjonsmåla ikkje tek omsyn til talet på og storleiken på dei ulike produsentane – berre det samla volumet.

– Om du skal ha nok mjølk, så treng du også produksjon på mindre einingar, seier han.

Rustad seier at det sidan 2015 er dei mindre produsentane som har fått mest i tilskot per dyr.

Sauegården til Arnt-Ole Pedersen

REKORD: Kravet frå bondeorganisasjonane, som vart lagt fram i førre veke, er på rekordhøge 11,5 milliardar kroner.

Foto: Hanne Wilhelms / NRK

Noregs Bondelag avviser kritikken

– Vi er opptekne av å ta vare på både små og store mjølkeprodusentar, seier Lise Boeck Jacobsen, kommunikasjonssjef i Noregs Bondelag.

Ho seier det er ein del av samfunnsoppdraget å ta vare på mangfaldet av store og små, og at «ein god del» av tilskota i kravet vil bli gitt til dei store produsentane.

Vidare ynskjer dei å fjerne taket på tilskota, som vil kome dei største bøndene til gode.

Anders Felde er leier i Vestland Bondelag. Han er med på at dei små og mellomstore vert prioritert «relativt høgt», men at kravet i landbruksforhandlingane tek vare på alle.

– Her er det litt for dei små og litt for dei store, slik at alle i sum får både kostnadskompensasjon og inntektsvekst.

En singel og ensom ku

TA VARE PÅ ALLE: – Vi er opptekne av å ta vare på både små og store mjølkeprodusentar, seier Lise Boeck Jacobsen, kommunikasjonssjef i Noregs Bondelag.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Krav om lausdriftsfjøs i 2034

Då Hovden starta som bonde for ti år sidan, var det om å gjere å utvide produksjonen. Han reknar investeringane på garden til kring 40 millionar kroner.

Når kravet om lausdriftsfjøs kjem i 2034, vil mange gardbrukarar måtte investere mykje om dei skal halde fram med drifta.

Hovden seier bønder som har våga å satse på lausdriftfjøs også har store kostnader, og derfor burde vorte betre kompensert enn det som er tilfelle i dag.

– Vi håper på eit betre tilbod som ikkje berre tek vare på dei små, seier han.