Hopp til innhold

Stor usemje om kven som skal eige vegar

LOEN/BALESTRAND (NRK): Medan Høgre og Frp ivrar for å lempe ansvaret for fleire fylkesvegar over på staten, går Senterpartiet og fylkesordførar Jenny Følling imot.

Skråkabelbru mellom Bremanger og Vågsøy på Kystvegen

KYSTVEGEN: Høgre og Frp vil mellom anna gjere Kystvegen mellom Bergen og Ålesund statleg. Men Senterpartiet vil at fylket skal realisere prosjektet sjølv. Skissa viser ei skråkåbelbru mellom Bremanger og Vågsøy på Kystvegen.

Foto: Skisse: Ingeniørfirmaet Aas-Jakobsen

Eit samla årsmøte for Høgre førre helg gjekk inn for at Kystvegen Bergen-Ålesund og fylkesveg 60 mellom Hornindal og Møre og Romsdal, skal bli riksvegar.

Helga før der gjorde Sogn og Fjordane Frp det same. Men på lista deira stod også fylkesveg 55 mellom Vadheim og Dragsvik og fylkesveg 53 mellom Årdal og Tyin.

Senterpartiet vil derimot ikkje gi frå seg fylkesvegar. Dermed held diskusjonen, som har vore oppe fleire gonger tidlegare, fram.

– Treng statleg draghjelp

Noralv Distad på Høgre-møte

VIL FLYTTE ANSVAR: Noralv Distad i Høgre.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Fylkesgruppeleiar i Høgre, Noralv Distad, meiner ei flytting av Kystvegen og fylkesveg 60, vil sikre tidlegare realisering og opprusting.

– Vi brukar fylkesvegmidlar så langt vi kan, og vi skal sjølvsagt bruke meir pengar på fylkesvegar, men vi treng statleg draghjelp slik at vi får bygd meir enn vi har økonomi til i fylkeskommunen per i dag, seier Distad.

Det har tidlegare vore tema å gjere fylkesveg 60 om til riksveg. Distad meiner vegane vil stå sterkare med staten som eigar, sjølv om dei blir små samanlikna med mange andre riksvegprosjekt.

– Eg meiner dei står godt i konkurransen. Kystvegen er ikkje nokon småveg, den går gjennom fleire fylke og vil få ein viktig hovudvegfunksjon. Og vegen mellom Hornindal og Møre og Romsdal er også ein viktig veg for veldig mange i næringslivet, men som ikkje som har ein akseptabel standard, seier Distad.

– Sjanselause med slik politikk

Fylkesordførar og Senterparti-politikar Jenny Følling vil derimot ikkje lempe vegane over på staten.

– Både Senterpartiet og fylkesutvalet i Sogn og Fjordane, har sagt at vi ikkje ønskjer å overføre fleire vegar til staten. Men vi vil ha meir pengar til å gjennomføre dei som fylkesvegprosjekt.

Jenny Følling på Sp sitt årsmøte

USAMD: Følling meiner fylkesvegane vil vere sjanselause som riksvegar.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Ho seier Kystvegen mellom Måløy og Storebru ligg først på fylkesvegprioriteringane, og at vegen mellom Hornindal og Møre grense er blant topp fire. I motsetning til Distad trur Følling at prosjekta raskare kan bli realisert med Fylkeskommunen som eigar.

Følling syner også til at det i transportetatane sitt framlegg til Nasjonal Transportplan ikkje vart føreslege flytting av vegar. Etatane har rangert prosjekta dei meiner er samfunnsøkonomiske.

– Der står det ingen prosjekt på E39 nord for Bergen. Så om Høgre og Frp sin politikk skal gjennomførast så er både Kystvegen og Riksveg 60 sjanselause i det biletet. Difor trur vi at dei har størst sjanse som fylkesveg, men då må også investeringsramma til fylkesvegar aukast, seier ho.

I tillegg meiner ho det blir prinsipielt feil å flytte ansvaret.

– Skal vi jobbe for større oppgåver til fylkeskommunane og regionane så er ikkje strategien å fortelje at det her er vegar vi skal føre tilbake til staten.