– Eg synest det er fint å plukke jordbær. Vi får smake bær og det er fint å tene litt pengar, fortel Sofie Ravnestad Mykland.
Saman med venninna Marie Myrlid Bøe har ho funne vegen til ein jordbæråker på Nordstranda i Gloppen, der dei er med og plukkar bær.
– Det er koseleg å plukke jordbær og tenke på at folk kosar seg med dette heime. Då blir ein stolte over at det er ein sjølve som har plukka dei, seier Marie.
Og det er fleire som gler seg over bærsesongen.
– Dei norske bæra ser veldig bra ut, så vi har store forventningar til årets jordbærsesong, fortel rådgjevar Gunn Jorunn Sørum hos Gartnerhallen.
Dei er ein stor leverandør av jordbær og har i underkant av 100 jordbærprodusentar knytt til seg. Men ein kald vår og forsommar gjer at bæra er litt seint ute.
– Men både mengda og kvaliteten ser bra ut.
Målet er 3500 tonn
Omsetnaden deira på jordbær i fjor var på 2500 tonn jordbær til konsum. Dette er ein del mindre enn dei 4000 tonna i året som var vanleg før pandemien.
I år er planen 3500 tonn, avhengig av vêr og vind.
Sørum seier det er eit stort ønske om å få kjøpe norske, kortreiste jordbær. Ho lovar god smak på bæra.
– Norske bær kjem godt ut på smak med unike klimatiske forhold i Noreg, med lange lyse netter som bidreg til at bæra får utvikle spesiell smak.
JORDBÆRÅKEREN: Det er tidleg i sesongen og det er både raude og grøne bær å sjå.
Foto: Benedikte Grov / NRKSer betre ut i år
Dei to siste somrane har det vore utfordrande å få tak i nok arbeidskraft og produksjonen har vore mindre.
Årsaka er pandemien og dermed vanskelegare å få tak i utanlandske arbeidarar.
Også i år såg det ut til at det kunne bli vanskeleg. NRK skreiv tidlegare om at bærplukkarar frå Thailand har kome til Noreg for å berge norske fruktbønder.
Sørum seier det no ser ut til å gå greitt.
– Vi er tilbake til ein normalsesong samanlikna med dei to føregåande åra. Det er enkeltprodusentar som har utfordringar med å rekruttere, men det er langt betre enn i fjor og året før.
Ein av dei som har hatt utfordringar med nok arbeidskraft er bærbonde Jon Slagstad i Gloppen. Her er det lange rader med jordbærplantar, førebels med både raude og grøne bær.
– Vi har hatt ein heilt grei start og får håper på bra vêr framover. Men det er ikkje enkelt å få tak i plukkarar. For å få bæra unna, og at eg ikkje skal få rotning i åkeren, har eg starta med sjølvplukking i tillegg til å ha folk i arbeid.
BÆRBONDE: Jon Slagstad seier starten på jordbærsesongen har vore bra.
Foto: Steinar Lote / NRKStor interesse for norske jordbær
Han fortel at interessa for å kjøpe jordbær har vore over all forventning.
– Dei har ringt frå både Florø, Førde og Nordfjordeid, så sånn sette burde eg hatt mykje større åker.
I indre Sogn byrjar også bæra å modnast. Trass litt vekslande temperaturar og frostskadar, seier Lars Kalhagen i Gaupne i Luster at sesongen ser bra ut.
Han håper på 30 tonn i år og leverer både til leverandør, men også direkte til butikkar, privatpersonar og på eige utsal. Interessa er stor.
– Det ringer jamt på telefonen, og det er mange privatpersonar som ønskjer å kjøpe jordbær.
Håper på godt vêr
No håper begge bærbøndene på at vêrgudane er på deira side slik at jordbæra blir raude, saftige og smakfulle.
Og når det gjeld prisen på bær, så varierer han gjerne gjennom sesongen.
– No i starten er det mindre mengde bær tilgjengeleg, men etter kvart som det kjem meir jordbær på marknaden vil prisen justere seg, seier Gunn Jorunn Sørum hos Gartnerhallen
PÅ REKKE OG RAD: Her hos bonde Jon Slagstad i Gloppen er sjølvplukkarar i full sving.
Foto: Steinar Lote / NRK