Stor snøskredfare

Det er betydeleg snøskredfare i indre deler av Sogn og Fjordane i helga. Årsaka er eit nedføyka svakt snølag som kan føre til at skiløparar kan utløyse store skred, opplyser varsom.no. I Voss og Hardanger er snøskredfaren moderat.