Ni båtar og to helikopter søkte etter krabbefiskar – funnen i kantra båt etter to timar

HRS koordinerte fredag kveld ein større redningsaksjon etter at ein krabbefiskar i 20-åra ikkje kom heim til avtalt tid. Vel to timar etter at alarmen gjekk, blei mannen funnen i god behald.

Redningsaksjon etter krabbefiskar i 20-åra ved Måløy

AKSJON:

Foto: NRK-tipsar

– Det er gjort funn klokka 22.37. Mannen var åleine om bord. Han stod på botn av ein kantra båt, seier redningsleiar Erik Willersen i Hovudredningssentralen.

Det var ein krabbefiskar i 20-åra som vart meldt sakna av familien fredag kveld.

Fiskaren reiste ut frå Måløy i ein 20 fots båt, om lag klokka 16 fredag ettermiddag. Familien varsla politiet klokka 21.15 då han ikkje møtte til avtalt tid.

– Han skulle ut og dra nokre teiner, men kom ikkje tilbake til avtalt tid, sa operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt til NRK litt over klokka 22.

Laster Twitter-innhold

Kystvakt, redningsskøyte, redningshelikopter, mannskap frå Røde Kors og brannbåt med dykkarar var i søk i Vågsfjorden mellom Måløy og Bremangerlandet.

Hovudredningssentralen i Sør-Norge koordinerte aksjonen. Ifølge HRS var det klokka 22.25 ni båtar i søk i området. Eit helikopter var i lufta, og eit anna på veg.

Over to timar etter at han blei meldt sakna blei mannen funnen like vest av Skorpeholmane nord for Rugsundøy i Bremanger.

Det er uklart kvifor båten har kantra, opplyser Hovudredningssentralen.

Mannen er no om bord i kystvaktskipet «Tor». Han treng ikkje tilsyn av lege og er elles i god form.