Naudetatane starta måndag ein redningsaksjon i vassdraget mellom Oppheimsvatnet og Gudvangen. Ei oppblåsbar flåte var observert tom i vassdraget, og det blei meldt at det skulle ha vore to personar i han ei kort stund tidlegare.
Klokka 13.40 opplyste operasjonsleiar i politiet, Tom Øyvind Johannesen, at éin person var funnen i god behald, men at den andre personen framleis ikkje var gjort greie for.
Klokka 13.52 melde BT at også den andre personen var funnen i god behald.
– Elva var veldig stor og vi undervurderte nok kor mykje vatn som hadde kome med regnet. Det er viktig å bruke redningsvest og hjelm. Det redda oss i dag, seier personane til NRK etter å ha kome seg på land.
E16 mellom Oslo og Bergen var lenge stengd på grunn av redningsoppdraget, og det var i denne perioden lange køar.
Stalheim- og Sivletunnelen i Voss, og Gudvangatunnelen i Aurland var også stengd grunna redningsoppdraget.