Hopp til innhold

Avsluttar redningsaksjon etter grunnstøyting: – Dei burde ha ringt oss

Ein båt med to personar om bord gjekk i kveld på grunn ved Sørbotnen fyr i Bremanger. Hovudredningssentralen har avblåst redningsaksjonen, fordi dei to ordna slep på eiga hand.

Naudetatane fekk melding om grunnstøytinga klokka 19.48.

Klokka 20.40 avblåste Hovudredningssentralen sin aksjon på staden. Eit redningshelikopter var då like ved båten.

– Ein rib med to personar ombord trefte noko under vatn. Dei har sjølve organisert slep til Florø. Difor er vår aksjon avslutta, seier redningsleiar Edvard Middelthon ved Hovudredningssentralen til NRK.

Han er ikkje spesielt imponert over korleis dei to personane i båten har handtert situasjonen.

– Det er fint at dei greier seg sjølve, men når dei ser at det heng eit redningshelikopter over dei, burde dei ha tatt ein telefon til oss og opplyst om at dei hadde kontroll, seier redningsleiaren.

Gjekk på grunn ved fyr

Operasjonsleiar Stine Mjelde i politiet fortel at dei fekk melding om ein båt som var gått på land i nærleiken av Sørbotnen fyr.

– Vi varsla Hovudredningssentralen med ein gong. Redningshelikopteret som vart sendt ut hadde visuell kontakt med to personar om bord i ein båt, opplyser Mjelde.

Ho fortel at det også vart sendt redningsskøyte til staden.

– Personane verkar å vere uskadde, sa Mjelde tidlegare i kveld.

Laster Twitter-innhold

Vanskeleg kommunikasjon

Politiet veit ikkje kva som har skjedd, eller kven som er om bord.

– Det var to personar, men alder og kjønn er ikkje kjend, seier ho.

Det var ikkje personane på båten som melde ifrå til politiet.

– Meldinga kom frå ein såkalla avstandsmeldar som hadde hatt kontakt med dei på telefon, og deretter varsla oss, seier Mjelde.

Dette førte til utfordringar i redningsarbeidet.

– Når vi ikkje kan prate direkte med dei som er på staden blir det meir komplisert for politiet å få eit riktig situasjonsbilde, seier ho.