Fleire politipatruljar, dykkarar, redningsskøyter og eit Sea King-helikopter deltok i ein større redningsaksjon etter at ein tysk mann i 50-åra i 11-tida torsdag hamna i sjøen sør for Fosenstraumen i Nordhordland.
Fosenstraumen er kjend for sterk tidvasstraum.
Over to timar seinare, klokka 13.20 blei mannen funnen nokre hundre meter sør for Fosnstraumbrua. Politiet på staden omtala tilstanden til mannen som kritisk, og han blei frakta i helikopter til Haukeland universitetssjukehus.
Klokka 14.20 fekk politiet beskjed om at mannen hadde omkome på sjukehuset. Dei pårørande er varsla.
Førstehjelp på staden
Mannen gjekk tur med hunden då han hamna på sjøen. Hunden skal ha kome seg i land. Årsaka til at dei hamna på sjøen, er framleis ukjent, melder politiet i 15.30-tida.
Livreddande førstehjelp pågjekk først på land.
– Mannen blei teken inn til land og sett under behandling av lege på staden, opplyste operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt klokka 13.45
Det er uvisst om mannen var medviten då han blei funnen. Det var ein familie som først observerte mannen, ikkje langt frå land.
Låg i sjøen i over to timar
Eit koppel av mannskap frå politi, brannvesen, Redningsselskapet og Hovudredningssentralen deltok i søket.
Hovudredningssentralen i Sør-Noreg (HRS) opplyser at fire båtar i tillegg til to helikopter deltok. I tillegg blei fire hundeekvipasjar frå Norske Redningshunder og mannskap frå Røde Kors sendt til området for å hjelpe naudetatane med strandsøk.
Politiet går ut frå at mannen har vore i sjøen sidan naudetatane fekk melding om hendinga klokka 11.15.
– AMK fekk meldingar om at det var observert ein mann og ein hund i sjøen i nærleiken av Fosnstraumbrua. Det blei raskt sendt fleire båtar til det aktuelle området, sa operasjonsleiar Kolltveit.
Den siste observasjonen av mannen i sjøen, før han blei funnen klokka 13.20, blei gjort i tidsrommet 11.30-11.45.
– Det var ein person i ein fritidsbåt som melde frå om at han såg mannen, men me fekk ikkje tilbakemelding om fleire observasjonar etter det, sa Kolltveit.