Hopp til innhold

Stor pågang ved overgrepsmottak

På under fem månader har ni overgrepsoffer vore innom det nye overgrepsmottaket i fylket. Ei skremmande utvikling, meiner legevaktsleiaren.

Førde sentralsjukehus

MOTTAK: Overgrepsmottaket ved Førde sentralsjukehus har hatt stor pågang dei første fem månadene.

Foto: Øystein Tveiten

Det har vore stor pågang ved det nye overgrepsmottaket på Førde sentralsjukehus dei siste månadene. Sidan mottaket opna i mai har ni overgrepsoffer vore innom, skriv avisa Firda.

Dagleg leiar ved Førde legevakt, Helge Ulvestad, meiner utviklinga er skremmande.

– Historisk sett ligg statistikken på 10–18 overgrep i året. Men no ser vi at vi nærmar oss dei tala etter berre fem månader. Det har og vore episodar med offer under 18 år, seier Ulvestad til avisa.

Ulvestad meiner talet på overgrepssaker er for høgt og er glad mottaket endeleg har kome i gang. Ulvestad meiner terskelen for å varsle om slike hendingar har blitt lågare. Tre av sakene dei har hatt til no er overfallsovergrep.

– Å komme i gang med behandlinga av kjenslene og sikring av spor for å avsløre gjerningspersonen, er avgjerande for korleis ein kjem seg vidare, seier legevaktsleiaren til Firda.

Fagleg ansvarleg ved mottaket, Øystein Furnes, meiner likevel det er for tidleg å seie noko om tala er aukande.